Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale dagen for avskaffing av fattigdom

0
613
Ved slutten av tusenåret kom verdsleiarar med modige lovnadar til dei fattige i verda.

Dei lova ei verd der alle born fullfører grunnutdanninga si; ei verd der menneske har tilgang til trygt drikkevatn, og familiar er verna frå dødelege sjukdomar som malaria; ei verd der nasjonar arbeider saman for å redusere utslepp av drivhusgassar som bidreg til global oppvarming. Viktigast av alt, leiarane våre lova ei verd der menneske ikkje lenger er dømde til eit liv i ekstrem fattigdom.    

Dette året kjem den internasjonale dagen for avskaffing av fattigdom like etter at vi er halvvegs til året då tusenårsmåla skal vere nådde – 2015. Denne dagen gir oss høve til å gjere opp status på framgangen vår hittil, og å reintensivere innsatsen vår. 

Dei globale resultata er varierte. Talet på menneske som lever på mindre enn ein dollar om dagen har gått ned, og vi er på rett kurs til å nå tusenårsmålet om å halvere ekstrem fattigdom. Men framgangen har vore ujamn, og nokre regionar – særskilt Afrika sør for Sahara – er ikkje i rute til å møte eit einaste av dei storslagne lovgjevnadane våre.

I dag må verda igjen rette merksemda si, og ressursane sine, mot stadane og menneska som vert ståande attende. Og når vi gjer dette, må vi hugse på at ingen er meir opptekne av å få ein slutt på fattigdom, enn dei fattige sjølve. Ofte er alt dei treng rettleiing, midlane, og sjansane til å vinne denne kampen.

Oppgåva vår er å rette søkjelys på desse manglane. Som temaet dette året viser til, må vi sjå på menneske som lever i fattigdom som agentar for endring. Dette betyr at vi må oppmode til nasjonal eigarskap av utviklingsstrategiar. Innbyggjarar må aktivt ta del i å utarbeide utviklingspolitikk, og styresmakter må verte meir ansvarsmedvitne i høve til innbyggjarane sine i tiltaka sine for å nå tusenårsmåla. Viktigast av alt, ekte samarbeid for utvikling er naudsynt – eit samarbeid der rike land gjer det dei kan for å sikre ressursar og produktive tilsetjingshøve gjennom tilgang til marknaden, for slik å gjere det mogeleg for dei fattige å ta kontroll over liva sine.

I dag står vi saman med dei fattige i ein felles innsats – ein innsats som inkluderar det sivile samfunn, det private næringsliv, og individ rundt om i verda. Eit tital millionar menneske får no stemmene sine høyrde ved å stå opp mot fattigdom – på idretts- og kulturarrangement, på universitet og skular. Dei sender ut bodskapar eller skriv under på petisjonar som oppmodar leiarane deira til å halde lovnadane sine. Dei ber om at handlingane til innbyggjarane skal verte møtte med handlingar frå styresmakter, i både utviklings- og industrialiserte land, i ei felles støtte for tusenårsmåla.

På denne 20. internasjonale dagen for avskaffing av fattigdom, lat oss alle stå opp. Lat oss vise den naudsynte politiske viljen for å ende fattigdom ein gong for alle.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær