Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale dagen for funksjonshemma

0
140
Dette året fokuserar den internasjonale dagen for funksjonshemma på målsetjinga om anstendig arbeid for menneske med funsjonshemmingar, og minner oss om at eitkvart menneske fortener høve til produktiv sysselsetjing, under vilkår som fridom, likskap, tryggleik og menneskeverd.

Menneske med funksjonshemmingar manglar tilfredstillande sysselsetjingshøve i bort i mot alle samfunn. Berekningar viser at minst halvparten av alle funksjonshemma menneske i industriland, og storparten av dei med funksjonshemmingar i utviklingsland, er arbeidsledige. Dei fleste andre er i mangelfull sysselsetjing, eller vil aldri ha full tilgang til arbeidsmarknaden. Denne situasjonen er bedrøveleg. 

Menneske med funksjonshemmingar er i stand til å kome med verdifulle bidrag til arbeidsstyrken som tilsette, gründerar og arbeidsgivarar. Men dei møter ei rekkje barrierar som hindrar dei i å realisere potensialet sitt. Tidleg i livet møter dei vanskar i å få tilgang til utdanning eller opplæring som er naudsynt for å kome inn på arbeidsmarknaden. Seinare i livet hindrar frykt og fordomar dei frå å få arbeid som er tilgjengeleg for andre. Utilgjengelige arbeidsplassar, direkte og indirekte diskriminerande lovgiving og praksis, samt ufordelaktige arbeidstilhøve utgjer ytterlegare hinder. 

Likevel, kvar gong høvet byr seg, beviser menneske med funkjsonhemmingar verdet sitt som produktive medlem av arbeidsstyrken. Det er difor fleire og fleire arbeidsgivarar sakte byrjar å forstå at det å tilsetje menneske med funksjonshemmingar gir meining. Endringar i arbeidsmiljø og betra informasjons- og kommunikasjonsteknologi gir også menneske med funksjonshemmingar nye vegar å gå for å finne anstendig arbeid.

Dei fleste statar har ikkje lovgiving som vernar menneske med funksjonshemmingar på arbeidsplassem. Konvensjonen om rettane til menneske med funksjonshemmingar, som er venta å verte sett i verk tidleg neste år, erkjenner funkjsonshemma menneske sin rett til arbeid og sysselsetjing på lik linje med andre. Den understrekar retten deira til å ha ei inntekt frå fritt valt arbeid, og til å arbeide i eit miljø som er både tilgjengeleg og aksepterande.

På denne internasjonale dagen, lat oss igjen stadfeste engasjementet vårt i arbeidet for like rettar for alle, og lat oss love å sikre at menneske med funksjonshemmingar kan delta fullt ut i samfunna deira.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.