Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale fredsdagen

0
623

Kjære vener,

Fred er eit av menneskeslekta sine mest verdifulle behov. Det er også FN sin viktigaste bodskap.

Det definerar arbeidet vårt. Det formar tilnærminga vår. Og det fører saman arbeidet vi gjer verda rundt, frå fredsbevaring og førebyggjande diplomati, til fremjing av menneskerettar og utvikling. 

Arbeidet for fred er heilt naudsynt. Men det er ikkje enkelt. I mange samfunn rundt om i verda, er fred framleis eit uoppnåeleg mål. Frå flyktningleirane i Chad og Darfur til bakgatene i Bagdad, i søken etter fred møter ein tilbakeslag og liding.

21. september, den internasjonale fredsdagen, er eit høve til å sjå nærare på arbeidet vi gjer for å fremje fred og velvære for menneske i heile verda.

Det er eit høve til å setje pris på det vi allereie har oppnådd, og å vie oss til alt det som står att å gjere.

Det er også meint å vere ein dag for global våpenkvile: 24 timar utan redsla og utryggleiken ein finn så mange stader.

I dag oppmodar eg alle land og alle som er i strid om å ære denne våpenkvilen. Og eg ber menneske overalt om å halde eitt minutts stille klokka 12:00 lokal tid.

Vi bør bruke dette høvet til å tenkje over prisen vi alle betalar som fylgje av konflikt. Og vi bør bestemme oss for å arbeide hardt for å finne måtar vi kan bevare denne kvila på.

På denne internasjonale dagen, lat oss love å gjere fred ikkje berre til ein prioritet, men til ein lidenskap. Lat oss love å gjere meir, kvar vi enn er, på kva måte vi kan, for å gjere kvar dag ein fredens dag.

Tusen takk.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.