Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale migrasjonsdagen

0
651
I dag markerar vi den åttande internasjonale migrasjonsdagen, ein dag som vert meir og meir meiningsfylt kvart år.

Globalisering og veksande skilnadar i levetilhøve, både i og mellom statar, er med på å føre til ein auke i internasjonal migrasjon.

I dag er det fleire menneske som bur utanfor fødelanda sine enn nokon gong før, rundt 200 millionar i 2007.

Bak dette enorme talet er individuelle historiar – om den dyktige dataingeniøren, bonden som arbeider ulovleg, kvinna som har vore utsett for trafficking, flyktiningen tvungen til å forlate heimen sin, og eit utal andre.

Sjølv om historiane deira er mangfaldige, er det klårt at når vi ser på migrantar som ei gruppe, bør dei ikkje, og må ikkje, verte sett på som ein byrde.

Migrantar vert ofte drivne av eit ynskje om eit betre liv. Dei søkjer ei tryggare, meir velståande framtid for borna deira, og dei er villige til å arbeide for det. Når dei vert gitt høve til å bruke dugleikane sine, på likt grunnlag, kan dei aller flese migrantar vere verdifulle for samfunnet.

Mange millionar migrantar sørgjer for grunnleggjande tenester for økonomiane og fellesskapet i landa dei lever i, medan dei samstundes støttar familane og samfunnan sine heime, der oversending av pengar gir nasjonaløkonomien ein oppsving.

Diverre får migrantar sjeldan anerkjennelse for innsatsen deir. I staden må dei ofte leve med misbruk og diskriminering, frå mangelfulle vernemekanismar til diskrimenande nasjonal lovgiving. I ekstreme tilfelle er dei offer for rasistiske eller framandhatande angrep.

Ein finn mange viktige vernetiltak i the International Convention on the Protection of the Rights of All Migrant Workers and Members of Their Families, men til no har denne kun vorte ratifisert i 37 land. Eg oppmodar alle medlemsland som ikkje endå har ratifisert eller etterkome konvensjonen om å gjer dette så snart som mogeleg, for å sikre fullstending og effektivt vern av migrantar sine menneskerettar.

Vi må også arbeide for å rette på gjeldande misforståelsar om migrantar, og auke medvit om den verdifulle økonomiske, kulturelle og sosiale bidraget deira, både til opphavs- og destinasjonsland. På denne internasjonale migrasjonsdagen, lat oss erstatte diskriminering med forståing, til nytte ikkje berre for migrantar men heile samfunn og land rundt om i verda.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær