Generalsekretæren sin bodskap på menneskerettsdagen

0
709
På denne menneskerettsdagen lanserar vi ein eitt-årig minnefest i samband med 60-års-jubileet til den universelle deklarasjonen om menneskerettar. Heile FN-familien vil ta del i ein kampanje for å fremje deklarasjonen sine ideal og prinsipp om rettferd og likskap for alle.

Kampanjen minner oss om at i ei verd fortsatt merka av den andre verdskrigen sine grufulle hendingar, var deklarasjonen den fyrste globale kunngjeringa om det vi tek for gitt – naturleg vørdnad og likskap for alle menneske.

Den ekstraordinære visjonen og handlekrafta til forfattarane resulterte i eit dokument som for fyrste gong skildra menneskerettar for alle menneske i ein individuell kontekst. Tilgjengeleg på meir enn 360 språk, er deklarasjonen no ein av dei mest oversatte tekstane i verda – eit vitneprov på deklarasjonen sin universelle eigenskap og omfang. Den har inspirert grunnlover i mange nyleg uavhengige statar og  nye demokrati. Den har vorte ein målestokk vi kan bruke til å måle respekt for det vi veit, eller burde vite, er rett og gale.

Deklarasjonen er like viktig i dag som den dagen den vart vedteke. Men dei grunnleggjande fridomane halde i hevd av deklarasjonen er fendå ikkje ein realitet for alle. Alfor ofte manglar styresmakter den naudsynte politiske viljen til å implementere internasjonale normar dei har valgt å akseptere.

Dette jubileumsåret er eit høve til å byggje opp denne viljen. Det er eit høve til å sikre at desse rettane vert ein levande realitet – at dei er kjende, forståtte og til glede for alle, overalt. Det er ofte dei som har størst behov for å verne menenskerettanse sine, som også treng å verte informerte om at deklarasjonen finst – og at den finst for dei.

Må dette året styrke oss i dette arbeidet. Lat oss gjere den universelle deklarasjonen for menneskerettar ein sentral del i alle menneske sitt liv.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær