GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE VERDAS AIDS DAG, 1. desember 2006

0
74

Sidan det første tilfellet vart rapportert for 25 år sidan har AIDS forandra verda. Det har tatt livet av 25 millionar menneske, og smitta 40 millionar fleire. Det har blitt verdas fremste dødsårsak både for kvinner og menn mellom 15 og 59 år. Det har ført til den største omvendinga i mennesket si utviklingshistorie. Med andre ord har det vorte vår generasjon si aller største utfordring.

Verda har nekta for dette altfor lenge. Men i løpet av dei 10 siste åra har haldningar endra seg. Verda har byrja å ta kampen mot AIDS like alvorleg som den burde.

Økonomiske ressursar vert lova som aldri før, folk har tilgang til antiretrovirale behandlingar som aldri før, og fleire land klarer å bekjempe spreiinga som aldri før. No som talet på infeksjonar aukar med uforminska fart treng vi å mobilisere politisk vilje som aldri før.

Etableringa av UNAIDS for ti år sidan, som samla kreftene og ressursane frå mange ulike delar av FN-familien, var ein milepæl i transformeringa av korleis verda reagerer til AIDS. Og for fem år sidan nådde alle FN-medlemslanda ein ny milepæl ved å godkjenne forpliktingsdeklarasjonen – som inneheld eit antal konkrete, omfattande og tidsavgrensa målsetjingar for bekjempinga av epidemien.

Same året, då eg óg sette HIV/AIDS som min personlege prioritet i arbeidet som generalsekretær, ba eg om etableringa av ei ‘krigskiste’ med sju til ti milliardar dollar ekstra i året. Idag er eg såleis svært stolt av å vere skyttar av det Globale Fondet for kampen mot AIDS, TB og Malaria, som har kanalisert nesten tre milliardar dollar til program verda over. I den siste tida har vi sett ei tydeleg auke i ekstra midlar frå bilaterale gjevarar, statskasser, sivilsamfunn og andre kjelder. Årlege investeringar i responsen til AIDS i låg- og mellominntektsland ligg no på meir enn åtte milliardar dollar. Sjølvsagt trengst det mykje meir; innan 2010 vil den totale prislappen for ein altomfattande AIDS respons overskride 20 milliardar dollar i året. Men vi har i det minste fått ein start ved å setje ressursane og strategiane på plass.

Fordi responsen har byrja å få ei skikkeleg framdrift, er det no mykje meir som står på spel enn nokon gong før. Vi kan ikkje risikere å la framgangen vi no har oppnådd falle i fisk; vi kan ikkje risikere dei heroiske innsatsane til så mange. Utfordringa no er å levere alle lovnadane som har vore gjeve – dette inkluderer tusenårsmåla som var godkjende av alle verdas regjeringar om å stoppe og byrje å snu spreeinga av HIV innan 2015. Leiarar på kvart eit nivå må innsjå at å stoppe spreiinga av AIDS er óg ei forutsetning for å nå dei fleste andre måla, som tilsaman utgjer det internasjonale samfunnet sin blåkopi for skapinga av ei betre verd i det 21.århundret. Leiarane må sjølve halde seg ansvarlege – og må haldast til ansvar av oss alle.

Ansvar –temaet for verdas AIDS dag denne gongen – krev at kvar ein president og statsminister, stortingsmedlem og politikar bestem seg for og uttalar seg om at “AIDS stoppar med meg”. Dette krev at dei styrkar skyttinga av alle sårbare grupper – anten det er snakk om menneske som lever med HIV, unge menneske, sexarbeidarar, sprøytenarkomanar, eller menn som har sex med menn. Det krev at dei arbeider hand i hand med sivilsamfunn, som er så vesentlege i denne kampen. Det krev at dei arbeider for ei verkeleg, positiv endring som vil gje meir makt og sjølvtillit til kvinner og jenter, og som vil transformere forholda mellom kvinner og menn i alle samfunnslag.

Men ansvar gjeld ikkje berre dei som sit i maktposisjonar. Det gjeld óg oss alle. Det krev at forretningsleiarar arbeider for førebyggjing av HIV på arbeidsplassen og i det breiare samfunnet, og at dei tek hand om dei arbeidarane og familiane som er ramma. Det krev at helsearbeidarar, samfunnsleiarar og trussamfunn høyrer etter og bryr seg, utan å dømme. Det krev at fedre, ektemenn, søner og brødre støttar og stadfestar kvinner sine rettar. Det krev at lærarar driv fram jenter sine draumar og aspirasjonar. Det krev at menn hjelper med å sikre at andre menn tek ansvar – og forstår at verkeleg manndom tyder det å skytte andre frå risiko. Og det krev at kvar ein av oss hjelper å føre AIDS ut av skuggane, og spreier bodskapen om at stille er daud.

Snarleg vil eg gå av som generalsekretær i FN. Men så lenge eg har krefter vil eg halde fram med å spre denne bodskapen. Det er derfor verdas AIDS dag alltid vil vere spesiell for meg. La oss på denne verdas AIDS dag bedyre å halde lovnaden vår – ikkje berre idag, eller dette året, eller neste år – men kvar dag, til epidemien har vorte sigra over.

Kofi A. Annan