GENERALSEKRETÆREN -UTSAGN I HØVE VERDAS MATVAREDAG, 16.oktober 2006

0
63

Kvart år er verdas matvaredag ei edrueleg påminning om at millionvis av menneske går svoltne kvar dag, sjølv i ei verd med overflod.

Ti år etter verdsleiarane lova å redusere talet på kronisk underærnærte menneske innan 2015, i samband med verdstoppmøtet om matvare i 1996, gjenstår det framleis mykje å gjere. Meir enn 850 millionar menneske verda over lid av kronisk svolt. Millionar av andre er plaga av blindheit, vekstforstyrringar og andre sjukdomar knytta til mangelfull næringstilførsel. Ein markant del av dei feilærnærte er born. I ei verd som har midlar til å fø oss alle, er denne vedvarande lidinga samvitslaus.

Temaet for verdas matvaredag i år  ‘Investering i landbruk for mattryggleik’ understreker naudsynet for auka ressursar til å bekjempe svolt. Dei siste 20 åra har vi sett ein skarp nedgong i ekstern landbruksbistand. Mange land, óg dei som treng det mest, har ikkje tildelt tilstrekkjelege ressursar til landbruk og distriktsutvikling.

Denne trenden er det naudsynt å snu, slik at auka offentlege og private ressursar kan rettast mot landbruksaktivitetar. Slike invisteringar må famne vidt om infrastruktur og vatningssystem til finansiering av breiare mennesklege utviklingsmål. Særskild nevneverdig er utdanning for jenter og kvinner ute i distrikta som utgjer ryggrada i dei fleste landbruksøkonomiske samfunna.

Verda har både ressursane og kunnskapen for å kunne gjere svolt til historie. Det vi treng i tilstrekkjelege mengder er beslutning. På verdas matvaredag, la oss fornye lovnadane om samarbeid mot dagen då ingen mann, kvinne eller born går for å legge seg svolten. La oss beslutte å vinne kampen mot svolt ein gong for alle.