Internasjonal dag for reduksjon av omfanget av naturkatastrofar: Born må få betre opplæring

0
672

– Altfor mange born døyr fordi dei ikkje får opplæring i å leve med naturkatastrofar, eller fordi dei går på skule i farlege bygningar. Å gjere skular tryggare må verte ein prioritet for styresmakter i land der risikoen for naturkatstrofar er tilstades, sa Sálvano Briceño, leiar for FN sin internasjonale strategi for reduksjon av omfanget av naturkatastrofar (ISDR), i samband med den internasjonale dagen for reduksjon av omfanget av naturkatastrofar.

– Reduksjon av omfanget av naturkatastrofar kostar ingenting samanlikna med det å miste ein skule full av born, begravd levande i ei gjørmeskrede eller knuste under ein bygning, sa Briceño.

FN sin koordinator for naudhjelp, John Holmes, uttalte også at dagen for reduksjon av omfanget av naturkatastrofar er særskilt viktig no, ettersom ”fleire menneske er trua av naturkatastrofar og ekstreme vertilhøve enn nokon gong før.”

I løpet av dei tre siste tiåra har talet på naturkatastrofar, i aukande grad eit resultat av klimendringar, vorte tredobla, i fylgje Holmes.

ISDR publiserte i går ein ny rapport som gir 35 praktiske døme på korleis ein kan betre skuletryggleik. Denne rapporten er ledd i ISDR sin kampanje for å inkludere opplæring om naturkatastrofar i nasjonale læreplanar.

I generalsekretær Ban Ki-moon sin bodskap på dagen understreka han også at naturkatastrofar som flaum, storm og tørke minner oss på dei ekstreme konsekvensane av global oppvarming. 
-Vi har no ei moralsk, sosial og økonomisk  plikt til å byggje motstandsdyktige samfunn og statar, sa generalsekretæren.

Les meir om den internasjonale dagen for reduksjon av omfanget av naturkatastrofar her