Leiarskap og klimaendringar

0
880

Kvar dag ser vi nye bevis. Klimaendringar har vorte ein personleg realitet, for kvar og ein av oss på denne planeten.

For berre eit par dagar sidan, for å nemne det siste dømet, melde amerikanske forskarar om at den arktiske iskalotten no smeltar fortare enn ein trudde var mogeleg. I fylgje utrekningane deira kjem 40 prosent av isen som dekkjer det Arktiske havet til å vere vekke innan 2050. Tidlegare rapportar har spådd at dette ikkje kom til å skje dette hundreåret.

Sett i denne samanheng, er det ikkje rart at klimaendringar no ligg øverst på den internasjonale politiske agenda. Det er difor eg har invitert verdsleiarar til eit FN-toppmøte 24. september. Eg er svært uroa for at det vi gjer i dag ikkje er tilstrekkeleg.

Toppmøtet er ei politisk oppmoding til handling, ei tid for alle land, store og små, til å gripe fatt i det moralske imperativet for å takle klimaendringar med auka standhaftigheit. Det er på tide at vi forstår at det er i vår felles interesse å gjere noko. Klimaendringar er heilt  avgjerande i vår tid.

Vitskapen er klar. Tidlegare i år gjorde FN sitt klimapanel (IPCC) det heilt tydeleg. Global oppvarming er ein realitet. Dersom vi ikkje handlar, vil fylgjene vere øydeleggjande, om ikkje katastrofale, i dei neste tiåra. Vi veit kva vi må gjere. Vi har kostnadseffektive strategiar og teknikkar som kan nyttast. Vi må byrje å angripe problemet no med ein gong.

Det vi ikkje har er tid. Då eg tidlegare denne månaden reiste rundt i Chad, såg eg med eigne auge den menneskelge kostnaden klimaendringar fører til. Rundt 20 millionar menneske er avhengig av eit innsjø- og elvesystem som i løpet av dei siste 30 åra har vorte redusert til ein tiendedel av sin opphavlege storleik. Akkurat no vert heimane til hundretusenvis av menneske øydelagde av det verste regnveret i Afrika sin historie. Desse døma er teikn på det vi kan vente oss. Dei problema generasjonen vår møter kjem til å verte verre for borna våre, særskilt om vi ikkje grip inn.

Ved å kalle inn til eit møte i, utfordrar eg presidentar og statsministrar til å demonstrere leiarskap. Leiarskap handlar om val, særskilt vanskelege val, samt å gå nye vegar. Det handlar om visjonar og politisk vilje – evna til å sjå framover mot det som må gjerast, og å presse på for raskare endring. Eg veit at det ikkje alltid kjem til å vere smertefritt. Men berre ved å handle tidsnok kan vi unngå endå meir liding.

Saman må vi klare å sjå verdien i handling. Og det meste av ansvaret ligg hjå industrialiserte land. Dei som er ansvarlege for å skape storparten av problemet må også ta det største ansvaret for å redusere utsleppa som har ført til klimaendringar.

Samstundes må u-land også verte oppmoda til vere med på denne prosessen. Men løysingane våre kan ikkje krevje umogelege offer. U-land har rett til vekst og økonomisk utvikling. Dei har rett til å kome seg ut av fattigdom, med vår hjelp. I dette arbeidet må vi få med oss det private næringslivet, stimulere økonomisk aktivitet, nytte nye finans- og markedsbaserte tilnærmingar, utvikle og overføre kunnskap, og skape nye arbeidsplassar.

Jorda vår er skjørare enn vi trur. Heile økosystem som opprettheld millionar av menneskeliv står no i fare for å verte øydelagde. I nokon tilfelle står heile land og folkeslag – ikkje berre dyreartar – i fare for å forsvinne. Og effektane vert følt sterkast hjå dei som har minst ressursar, og som er minst ansvarlege for problemet. Dette er ei moralsk sak. Handlingane våre må no styrast av prinsippet om felles ansvar og felles gode.

Nasjonal handling må no stå sentralt. Innsatsen til no har ikkje vore tilfredsstillande. Femten år etter FN sin rammeavtale om klimaendringar i Rio, og ti år etter Kyoto-avtalen (som går ut i 2012), aukar utsleppa fortsatt i industrialiserte land.

Nasjonale handlingsplanar er likevel ikkje nok. Det at klimagassar ikkje tek omsyn til nasjonale grenser, samt dei omfattande politiske og økonomiske interessene involvert, krevjar internasjonalt samarbeid. Vi har eit ideelt rammeverk – Dei sameinte nasjonar (FN) – og det har alt som skal til for å vere eit forum der vi kan skape ei meiningsfylt, rettferdig, bærekraftig og langvarig løysing på global oppvarming. Denne løysinga må ikkje berre føre til reduserte utslepp, men også hjelpe alle – særskilt dei mest sårbare – til å tilpasse seg effektane av klimaendringar, samt å sikre bærekraftig utvikling.

Dette året står vi ved ein korsveg – styresmakter har erkjent dei skremmande resultata frå FN sitt klimapanel, og ålmenn medvit om klimaendringar dominerar no politiske dagsordenar over heile verda. Eg oppmodar no leiarane i verda om å demonstrere leiarskap. Å handle. Å halde fram som før er ikkje tilstrekkeleg.

På FN sin konferanse om klimaendringar på Bali i desember  må styresmakter arbeide med kraft og kreativitet for å skape eit rammeverk for forhandling. Vi treng ein ny og omfattande avtale om klimaendringar, som alle land kan slutte seg til.

Dette er ein avgjerande augneblink. Vi har alle eit historisk ansvar for framtidige generasjonar. Barneborna våre vil vere dei som dømer oss.