Nansenprisvinnar opnar nytt sjukehus i Burundi

0
689

Marguerite Barankitse, som mottok Nansen sin flyktningpris, har opna eit velutstyrt sjukehus med 120 senger, som vil sikre livsviktige helsetenester og sysselsetjing i ein svært fattig del av Burundi.

Marguerite Barankitse vann Nansen sin flyktningpris i 2005, har nytta prisen på 100 000 dollar som startkapital i dette byggjeprosjektet i byen Nyamutobo i Burundi.

“Prisen var ei oppmoding om å gjere meir for menneske som har kome attende til Burundi, særskilt kvinner som møter mange vanskar. Kvinner døyr i barsel og born vert foreldrelause,” sa Barankitse under opningsseremonien tysdag.

”I dag har draumane mine vorte verkelege,” sa ”engelen av Burunidi,” som i fleire tiår har hjulpe tusenvis av born.

Bo Shack, som er UNHCR sin representant i Burundi sa under opninga at Barankitse er akkurat den type menneske som fortener Nansenprisen. ”Vi set verkeleg pris på at ho nytta prisen til dette viktige humanitære føremålet, og at ho hjelp sårbare menneske.”

Burundi er eit av dei fattigaste landa i verda, og landsdelar som Ruyigi har teke i mot eit stort antal heimvende flyktningar, noko som har vorte ei stor påkjenning for helse- og utdanningssytema. Rundt 380 000 flykningar har kome attende frå naboland sidan 2002, eller 5 prosent av folkesetnaden.