Noreg organiserar seminar om fredsoperasjonar i Brussel

0
665

Noreg er fredag 5. oktober vert for Fleirdimensjonale og integrerte fredsoperasjonar: trendar og utfordringar, eit seminar om fredsoperasjonar, i Brussel.

Målet med seminaret er å rette søkjelys mot felles utfordringar og trendar for dei ulike institusjonelle rammeverka innan FN, EU og NATO. I fylgje UD er ’fleirdimensjonale og integrerte fredsoperasjonar’ operasjonar som inkluderar både militære og sivile element og der fleire instutisjonar er involvert. Det er naudsynt med ei slik tilnærming når kriser oppstår av svært samansette årsaker. Militære verkemiddel er oftast berre ein del av løysinga i fredsbevarande operasjonar, og må difor integrerast i ei vidare tilnærming. Det er heilt naudsynt i denne samanheng at tryggleik og utvikling går hand i hand.

Hovudtalar på dette arrangementet er statssekretær i forsvarsdepartementet Espen Barth Eide, og representantar frå FN, NATO og EU vil også tale under seminaret.

For meir informasjon les her