Ny kampanje for menneskerettar

0
677

I dag, 10. desember, feirar vi den internasjonale menneskerettsdagen. Dagen i dag er også den fyrste dagen i eit år fylt med aktivitetar, kampanjar og arrangement i samband med at den internasjonale deklarasjonen for menneskerettar fyller 60 år 10. desember 2008.

”Feiringa skal ikkje berre markere den fantastiske prestasjonen denne erklæringa var, og er. Den skal også minne oss om at det fortsatt er langt å gå før vi når målsetjinga om menneskerettar for alle” seier Loise Arbour, FN sin høgkommsær for menneskerettar, i ein debattartikkel.

Temaet for det komande året vil vere ”universality and justice” –  universalitet og rettferd – og tanken bak temaet er at rettar tilhøyrer og gjeld alle, og alle menneske må ta til seg rettane for at dei skal oppfyllast.

I dag lanserar FN den nye websida KnowYourRights m.a. i Roma, Athen, Lisboa og Paris. Websida tilbyr informasjon om deklarasjonen, om rettane, og om ulike prosjekt som arrangerast rundt om i Europa i samband med jubileet, eller som har med menneskerettar å gjere meir generelt. Målsetjinga med websida er å nå ut til eit vidt publikum og å spreie kunnskap om deklarasjonen.

Du kan vitje websida her:
www.knowyourrights2008.org