Ny norsk kampanje for å nå tusenårsmål

0
686

Noreg kjem til å bruke meir enn fem milliardar kroner over dei neste ti åra for å bistå i kampen mot småbarnsdød og død blant gravide og fødande i utviklingsland, eit av FN sine åtte tusenårsmål, i fylgje statsminister Jens Stoltenberg.

Stoltenberg tala under høgnivå-debatten i generalforsamlinga i New York i går, og la vekt på at verda no strevar med å møte tusenårsmåla innan 2015, særskilt måla som omhandlar småbarnsdødsraten og dødsraten mellom gravide og fødande.

”Enkle, rimelege metodar kan spare millonar av liv, både blant born og mødre,” sa statsministeren. Kvart år døyr 500 000 kvinner på grunn av bornefødsel, og 2 millonar born mistar livet før sola går ned på den fyrste levedagen deira.

”Dei fire millionar borna som døyr i deira fyrste levemånad kan overleve dersom dei vert amma og har tilgang til antibiotika og helsearbeidarar.”

Den norske planen, eit samarbeid mellom regjeringar, organisasjonar og sivilt samfunn, har som måsetjing å gi eit lyft til organiseringa og finansieringa som no er tilgjengeleg, ikkje berre til vaksinasjonar.

”Helsepersonell bør behandle fleire pasientar og skrive færre rapportar. Og vi må  endre finansieringa slik at det å behandle pasientar vert ei inntektskjelde i staden for ei utgift for helsesysystema.”

Stoltenberg sa at ein kampanje for kvinner og born no skal startast opp, med eit nettverk av verdsleiarar til å sikre ”at bodskapen vår når ut til kvart verdenshjørne.”
   
Han understreka at sjølv om den globale alliansen for vaksiner og immunisering (GAVI) har redda meir enn to millionar menneskeliv sidan oppstarten i 2000, er det no viktig å sjå framover og finne nye typar behandling.

Les heile talen til Stoltenberg her.