Turisme og klimaendringar

0
137

Verdas turistorganisasjon tilbyr no ei ny informasjonsteneste på internett. På  Climate and Tourism Information Exchange Service kan du få tilgang til statistikk, rapportar, video og anna materiale. Dette tiltaket er eit ledd i organisasjonen sin innsats i kampen mot klimaendringar. Tenesta er gratis, men det er naudsynt å registrere seg fyrst.

Verdas turistorganiasjon har gått i spissen for forsking på samanhengar mellom klima og turisme, og organiserte den fyrste internasjonale konferansen om klimaendringar i Tunisia i 2003. Den neste konferansen kjem til å verte organisert i Davos, Sveits, i oktober.