UNICEF: Ekstreme bilete

0
828

Eva Luise Köhler rosar Stephanie Sinclair for bilete teke i Afghanistan. 

Den amerikanske fotografen Stephanie Sinclair er kåra som vinnar av UNICEF sin årlege fotokonkurranse ”UNICEF Photo of the Year.” Biletet hennar viser eit brudepar i Afghanistan som ikkje kunne vore meir ulike. Brudgomen, Mohammed, ser mykje eldre ut enn sine 40 år. Brura, Ghulam, er fortsatt eit born – ho fylte nettopp 11 år.

”UNICEF Photo of the Year aukar medvit om eit verdsomfattande problem. Mange millionar jenter giftar seg når dei fortsatt er mindreårige. Dei fleste av desse barnebrudane vert fråtekne retten til å bestemme over sine eigne liv” sa UNICEF-beskyttar Eva Luise Köhler under utdelingsseremonien i Berlin. I fylgje UNICEF vert rundt 60 millionar unge jenter rundt om i verda gifte medan dei endå er mindreårige. Halvparten av desse jentene er frå sør-Asia.

Sjå fleire bilete her.