UNICEF: Our stories

0
753

Unge menneske frå rundt om i verda vil no ha høve til å skildre og dele historiane sine på nettet, på ulike språk, takka vere eit nytt prosjekt lansert av FN sitt barnefond, UNICF.  Prosjektet er eit samarbeid mellom FN, Google og organisasjonen One Laptop Per Child.

Born vil kunne skrive historiar om seg sjølve, familiane eller venene sine, på sitt eige språk, ved hjelp av laptopar, mobiltelefonar og andre verkty. Historiane vert delte på websida ”Our Stories” – www.ourstories.org, der ein kan sjå dei ulike historiane på eit Google kart.

Ved å gjere desse historiane tilgjengelege rundt om i verda, ynskjer Our Stories-prosjektet å fremje forståing om andre land, kulturar, religiøse tradisjonar og språk.

Du kan vitje websida her.