Asia hardest råka av naturkatastrofar i 2007

0
722

Asia var verdsdelen som vart hardast råka av naturkatastrofar i fjor. I fylgje ei forskingsgruppe støtta av FN, tok naturkatstrofar i 2007 livet av 16 500 menneske, og førte til skadar til ein verdi av $62.5 miliardar.

Det var også ein merkbar auke i flaumar i 2007, ein trend CRED – Centre for Research on the Epidemiology of Disasters hevdar er eit resultat av global oppvarming.

Åtte av dei ti verste katastrofane i fjor råka Asia. Syklonen Cidr i Bangladesh tok livet av 4234 menneske i november, i fylgje senteret, som er basert i Belgia.

”Det var ingen ekte megaskatastrofar i 2007, noko som er gode nyhende, men økonomiske tap var større enn året før,” sa Debrati Guha-Sapir, ISDR-direktør, under ein nyheitskonferanse i Geneva.

”Vi ser meir ekstreme hendingar totalt sett, ikkje geologiske hendingar som jordskjelv og vulkanutbrot, men langt fleire flaumar og stormar,” sa ho.

Forskarar åtvarar om at klimaendringar, som mange hevdar er grunna menneskelege utslepp av så kalla drivhusgassar frå fossile brennstoff, vil føre til ekstreme vertilhøve, frå varmebølgjer, tørke, flaum og auka havnivå i dei komande åra.

Nesten 200 millionar menenske var råka av naturkatastrofar i fjor, halvparten av desse i Kina, som opplevde voldsomme flaumar i juni og juli, i fylgje rapporten.
Les meir im ISDR her.