Verdas busetjingsdag

0
94

Ein ny rapport frå FN HABITIAT, UN-Habitat Global Report on Human Settlements 2007: Enhancing urban safety and security, viser at naturkatastrofar, usikre butilhøve og kriminalitet gjer at verdas storbyar vert stadig farlegare å leve i. Halvparten av alle mennneske lever no i byar, og i 2030 vil dette truleg auke til to tredjedelar av verdas folkesetnad.

I generalsekretær Ban Ki-moon sin bodskap på verdas busetjingsdag oppmodar han til å arbeide mot ein reduksjon i bykriminalitet, betre butryggleik og auka omsyn til klimaendringar. Temaet for dagen i år er ‘ein trygg by er ein rettferdig by’.

”Lat oss, på verdas busetjiingsdag, bestemme oss for å gjere byar rundt om i verda tryggare, grønare og meir inkluderande for alle,” seier Ban i bodskapen.

I samband med verdas busetjingsdag 1. oktober, organiserar FN HABITAT og samarbeidspartnarar internasjonale konferansar i Nederland og Mexico, med fokus på urban tryggleik. 

Les meir om busetjingsdagen her.