I fylgje Verdas helseorganisasjonen (WHO) ligg diabetesrelaterte sjukdomar bak fem prosent av alle dødsfall i verda, og organisasjonen åtvarar om at sjukdomen kjem til å auke med over 50 prosent over dei komande ti åra dersom ikkje noko vert gjort umiddelbart. World Diabetes Day – WDD – vart oppretta av International Diabetes Federation (IDF) og WHO i 1991 for å belyse den globale auken i diabetes. Dagen skal markerast den 14. november fordi dette er fødselsdagen til Frederick Banting, som saman med Charles Best oppdaga insulinet. Les FN sin resolusjon her. |

