Generalsekretæren sin bodskap på den internasjonale minnedagen for offera for holocaust

0
633
I dag markerar vi den tredje internasjonale dagen til mine for holocaust sine offer. På denne  dagen, einstemmig erklært av FN si generalforsamling, står vi i solidaritet med overlevande frå holocaust, samt vedrørande etter dei som mista livet sitt, rundt om i verda. Til dei som hevdar at holocaust aldri fann stad, eller har vorte overdrive, svarar vi ved å gjenta vår faste vilje til å ære minnet til kvar einaste unskuldige mann, kvinne og born, myrda av nazistane og deira medskuldige. Vi sørgjer over det systematiske folkemordet av ein tredjedel av det jødiske folk, saman med andre minoritetar, som berøva verda uendelege bidrag.

Men det er ikkje nok å hugse, ære og sørgje over dei døde. Vi må også utdanne, pleie og vise omsyn for dei levande. Vi må fremje i borna våre ei kjensle av ansvar, slik at dei kan byggje samfunn som vernar og fremjar rettane til alle borgarar. Vi må innprente i dei ei respekt for mangfald, før intoleanse har høve til å slå rot, samt ei kjensle av vaktsemd i tilfelle det truar med å gjere akkurat dette. Vi må gi dei motet og reiskapane dei treng for å ta dei rette vala, og til å handle når stilt ovanfor ondskap.

Dette året gir oss eit særskilt høve til å gjere dette, når vi minnast at det er 60-års-jubileet til den universelle deklarasjonen for menneskerettar. Gjennom heile dette jublieumsåret vil FN arbeide hardt for å bringe bodskapen om ”vørdnad og rettferd for alle” til menneske overalt. Kampanjen minner oss om at i ei som verd framleis sørgja over grusomheitene under holocaust, var den universelle deklarasjonen den fyrste globale bodskapen om det mange no tek for gitt: den naturlige vørdnaden og likskapen til alle menneske.

Lat oss aldri ta menneskerettane vår for gitt. Lat oss oppretthalde dei, verne dei, forsvare dei, sikre at dei er ein levande realitet – at dei kjende til, forståtte og nytt av alle, overalt. Det er ofte dei som treng menneskerettane sine forsvarde som også treng å verte informerte om at deklarasjonen eksisterar – og at den eksisterar for dei. 

I dag minner vi menneske overalt om desse rettane. Vi hugsar dei som fekk rettane sine brutalt krenka i Auschwitz og andre stader, og i seinare folkemord og grufulle handlingar. Vi lovar å nytte det vi lærte frå holocaust i liva våre, og i dei som kjem i generasjonar etter oss. På denne internasjonale dagen til minne om holocaust, lat oss igjen vie oss til denne oppgåva.