Fem Lærdommar – Av Kofi A. Annan

0
648

Då eg kom til Minnesota rett frå Afrika som student for nesten 50 år sidan, hadde eg mykje å lære –som at det slett ikkje er merkeleg å bruke øyrevarmarar når temperaturen ute er minus 15. Livet mitt sidan har vore ei lærerik erfaring. No har eg lyst å vidareføre fem lærdommar eg har tileikna meg i løpet av dei 10 åra som FN sin generalsekretær. Desse er lærdommar som eg trur samfunnet av nasjonar treng å lære når dei skal møte utfordringane i det 21.århundret.

Den første er at vi er alle ansvarlege for kvarandre sin tryggleik i verda idag. Mot slike trugslar som spreiing av atomvåpen, klimaendring, globale pandemiar, eller terroristar som arbeider frå fristader i samanbrotne statar, er ingen nasjonar i stand til å sikre sin eigen tryggleik ved å søkje overherredøme over alle andre. Kun ved å arbeide for å trygge andre kan vi ha håp om å oppnå varig fred for oss sjølve.

Dette ansvaret inkluderer eit samla ansvaret for å skytte folk frå folkemord, krigsbrotsverk, etnisk utrydding, og brotsverk mot menneskeætta. Dette var akseptert av alle nasjonane ved fjorårets FN-toppmøte. Men når vi ser på dei morda, valdtektene og hungersnauda som framleis vert påført befolkninga i Darfur, innser vi at slike teser fortset å vere reine retorikkar om ikkje dei som har makta til effektivt å gripe inn – ved utøving av politiske, økonomiske, eller i siste instans, militære musklar – er villige til å vise vegen. Dette inkluderer óg eit ansvar for framtidige generasjonar – for å ta vare på ressursane som er tileikna dei like så mykje som oss. Kvar dag som går og vi ikkje gjer noko, eller gjer for lite, for å førebyggje klimaendringar påfører vi borna våre stadig større kostnadar.

Den andre er at vi er alle ansvarlege for kvarandre si velferd.

Utan solidaritet vil ingen samfunn vere verkeleg stabile. Det er ikkje realistisk å tru at nokre menneske kan halde fram med å håve inn store utbytter frå globaliseringa medan milliardar av andre er forletne, eller kasta inn, i uverdig fattigdom. Vi er i det minste nøydde til å gje alle medmenneska våre ein sjanse til å ta del i vår velstand.

Den tredje er at både tryggleik og velstand er avhengige av respekt for menneskerettane og rettstryggleiken.

Gjennom historia har menneskeliv vore berika av mangfald, og ulike samfunn har lært av kvarandre. Men om våre samfunn skal leve i fred må vi i tillegg understreke det som sameinar oss: den felles humaniteten vår, og behovet for menneskeleg respekt og retten til lovfesta skytting.

Dette er óg avgjerande for utviklinga. Både for utlendingar og nasjonale borgarar er det meir sannsynleg at ein gjer invisteringar om ein har sine grunnleggjande rettar skytta og ein veit ein vil verte rettvist behandla under lovverket. Det er meir sannsynleg at handlingsplanar som oppriktig støttar utvikling blir vedtekne om dei folka som treng utviklinga mest kan få sine stemmer høyrde.

Statar må i tillegg spele mot kvarandre etter reglane. Ingen samfunn nokon stad lid av for mykje rettstryggleik; mange lid av for lite – og det internasjonale samfunnet er mellom desse. Dette er vi nøydde til å endre.

Den fjerde er difor at regjeringar må stå til ansvar for handlingane sine, på den internasjonale så vel som på den nasjonale arenaen. Kvart land har eit visst ansvar ovanfor andre land der eigne handlingar har ein klar påverknad.
Slik det no ser ut, vert fattige og svake statar lett haldne til ansvar fordi dei treng ekstern bistand. Men store og mektige statar som utøver handlingar som ofte har den største påverknaden av alle, kan kun verte styrte av eigne befolkningar.

Dette gjev folk og institusjonar i mektige land eit særskildt ansvar til å vurdere globale oppfatningar og interesser. Og idag er dei nøydde til óg å vurdere det vi kallar ‘ikkje-statlege aktørar’. Land er ikkje lenger i stand til – om dei nokon gong var det – å imøtekomme globale utfordringar på eiga hand. Til ei stadig større grad treng dei hjelp frå mangfaldet av assosiasjonar der folk frivilleg kjem saman, for profitt eller for å tenkje om, og endre, verda vi lever i.

Korleis kan land halde kvarandre til ansvar? Kun gjennom multilaterale institusjonar. Såleis er den siste lærdommen at slike institusjonar må organiserast på ein rettvis og demokratisk måte som gjev dei fattige og svake ein del innflyting over handlingane til dei rike og sterke.

Utviklingsland bør ha ei sterkare stemme i internasjonale finansinstitusjonar som tek avgjersler som kan tyde liv eller død for befolkningane deira. I tillegg bør det gjerast rom for nye permanente eller langtidsmedlemmar i FN sitt tryggingsråd som med sitt noverande medlemskap gjenspeglar realitetane frå 1945 og ikkje verda slik den står idag.

Ikkje mindre viktig er det at tryggingsrådet aksepterer det ansvaret som kjem med privilegiet dei har. Rådet utgjer styringskomitéen for det nyfødde globale tryggleikssystem vårt.

Idag, meir enn nokonsinne, har menneskeheita behov for eit globalt system som fungerer. Og gong på gong har erfaring vist oss at systemet fungerer dårleg når medlemslanda er splitta og manglar leiarskap og at det er mykje betre når der er eining og langsikta leiarskap samt engasjement frå alle store aktørar. Verdstoppane, frå idag og imorgon, har eit stort ansvar. Verdas befolkning treng å sjå at desse lever opp til dette.

Skribenten er FN sin generalsekretær. Artikkelen er basert på ein tale presentert 11.desember i Truman Presidential Museum & Library i Independence, Missouri (USA).