GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE MENNESKERETTSDAGEN, 10. desember

0
125

Kampanjen for å gjere fattigdom historie står som ei sentral moralsk utfordring for vår tid. Forsterkinga av universelle menneskerettar kan bane veg for dette målet.

Grunnleggjande menneskerettar – retten til ein tilstrekkjeleg levestandard, til mat, og til essensiell helseomsorg, til moglegheiter for utdanning eller passande arbeid, eller til fridom frå diskriminering – er nett det verdas fattige treng mest. På grunn av ein svekka status er desse likevel dei som har minst evne til å oppnå eller forsvare slike ‘universelle’ rettar. Såleis er menneskerettar trua når og kvar som helst ein mann, ei kvinne eller eit barn lever i ekstrem fattigdom.

Om vi er seriøse når det gjeld menneskerettar må vi vise at vi óg er seriøse om naud. Vi må svare på kravet om å kjempe mot fattigdom som ‘ei forplikting, ikkje veldedigheit’.

Kvar og ein av oss må forstå at rettane som står skrivne i verdserklæringa om menneskerettane har liten verdi for millionvis av mennesker her i verda som er plaga av sjukdom og svolt, så lenge dei ikkje har effektive bøtemiddel. Vi må alle vere klare over at der heile familiar skrapar saman mindre ein 1 dollar dagen til livets opphold, eller der barn døyr av mangel på grunnleggjande, men livsviktig omsorg, er menneskerettserklæringa i beste fall ei tom ramme.

Å sjå på fattigdom gjennom ei menneskerettslinse aukar dei moralske imperative våre for tiltak. Men det gjev oss óg andre fordelar. Sidan menneskerettsnormer understreker individuell myndiggjering, kan ei rettsbasert vinkling bidra til å myndiggjere og styrke dei fattige. Den kan hjelpe borgarar frå alle lag til å tileikne seg den kunnskapen og statusen dei treng for å spele ei reell rolle i avgjersler som har tyding for deira eigne liv. Den kan fokusere merksemda på velbegrunna og bærekraftige prosessar som gjev håp om langsiktig framgang. Og den kan oppmode oss om å måle suksess ikkje berre i forhold til inntektsnivå, men i forhold til den fridomen folk har til å leve meiningsfulle og glade liv.

Idag går utvikling, tryggleik og menneskerettar hand i hand; ingen av dei kjem langt utan dei andre to. Faktisk vil den som snakkar overbevisande om menneskerettar, men ikkje gjer noko for menneskeleg tryggleik og utvikling – eller omvendt – undergrave både si eiga truverd og sak. La oss såleis tale med ei samla stemme om alle dei tre sakene, og la oss arbeide for å sikre at fridom frå naud, fridom frå frykt og  fridom til å leve eit liv i verdigheit har ei reell meining for dei som treng det mest.