Fem nye ikkje-permanente medlem til tryggleiksrådet

0
645

Generalforsamlinga valde i går Burkina Faso, Costa Rica, Kroatia, Libya og Vietnam til å verte ikkje-permanente medlem av tryggleiksrådet for to år framover, frå 1. januar 2008.

Dei nyvalde landa kjem til å ta over etter Kongo, Ghana, Peru, Qatar og Slovakia. For Vietnam og Kroatia vert dette fyrste gongen dei sit i tryggleiksrådet, medan dei andre landa har vore medlem tidlegare.

Medlemane vart valde etter avtale om geografisk fordeling, der tre sete går til afrikanske og asiatiske land, eitt går til aust-europeiske land, og eitt til Latin-Amerika og Karibia.

Dei fem andre ikkje-permamente medlemane i tryggleiksrådet er Belgia, Indonesia, Italia, Panama og Sør-Afrika. Prioden deira varar fram til 31. desember 2008. Dei fem permanente medlemane er Kina, Frankrike, Russland, Storbritannia og USA.

Les meir om dette her.