FN: 5 millionar fleire arbeidslause i år

0
738
FN sin arbeidsorganisasjon (ILO) spår at økonomisk turbulens grunna urolege kredittmarknader og aukande oljeprisar kan føre til at 5 millionar fleire menneske vert arbeidslause i år. 

Dette er berre eitt av funna i ILO sin rapport som vart lansert i dag, den årlege Global Employment Trends-rapporten, som ser på innverknaden faktorar som populasjon, økonomisk vekst og finansielle kriser har på arbeidsmarknader.

Rapporten konstanterar at nedgangen i økonomisk vekst i industriland, grunna krisa i kredittmarknadane og høgare oljeprisar, har så langt vorte ”kompensert for i resten av verda,” særskilt i Asia, der ein har sett sterk økonomisk- og arbeidsvekst.

Likevel kan ein forventa nedgang i vekst i 2008 auke den globale arbeidsløyseprosenten til 6.1%, noko som vil føre til ein auke på minst 5 millionar arbeidslause på verdsbasis, åtvarar rapporten.

Prognosen for dette året er anleis enn for 2007, som vart sett på som eit ”vendepunkt” av ILO, ettersom ein då såg ein stabilisering av globale arbeidsmarknadar, med fleire menneske i sysselsetjing, rundt 45 millionar nye jobbar, og kun ein liten auke i arbeidsløysestatistikken, til nesten 190 millionar på verdsbasis.

“Dette året er det globale utsynet for arbeid merka av kontrastar og ustabilitet” sa ILO-direktør Juan Somavia. ”Medan global vekst kvart år skapar mange millionar arbeidsplassar, er arbeidløysa frameleis uakseptabelt høg, og kan kome til å nå eit nivå vi ikkje har opplevd tidlegare.”

Han la til at sjølv om fleie menneske no er sysselsette enn nokon gong, betyr ikkje fleire jobbar nødvendigvis anstendige jobbar. ”Altfor mange menneske, forblir blant dei fattige arbeidande, dei sårbare eller dei motlause sjølv om dei ikkje er arbeidslause.”

I fylgje ILO tener rundt 487 millonar arbeidarar, eller 16.4% av alle arbeidarar, fortsatt ikkje nok til å overgå fattigdomsgrensa på $1 om dagen, og 1.3 miliardar arbeidarar (eller 43.4%) lever fortsatt på mindre enn $2 om dagen.

“Det er openbart at økonomist vekst ikkje automatisk fører til nye og anstendige jobbar,” sa Somavia, som understreka at ”retningsliner for arbeidsmarknaden må stå sentralt i makroøkonomisk policy for å sikre at økonomisk vekst er inkluderande og at utvikling inneber gode, anstendige jobbar.”

Anstendig arbeid, definert av ILO, sikrar høve og inntekt, rettar, ei stemme og anerkjenning, familiestabilitet, personleg utvikling, rettferd og likestilling mellom kjønna.