FN si generalforsamling opnar for dialog om interreligiøs og interkulturell forståing

0
603
FN si generalforsamling opnar i dag sin fyrste formelle høgnivådialog om interreligiøs og interkulturell forståing og samarbeid.

Religionsfridom og trusfridom, samt respekt for religiøst og kulturelt mangfald står på dagsordenen under denne sesjonen, leia av forsamlingspresident Srgjan Kerim. Ei meir uformell og interaktiv høyring med representantar frå sivilt samfunn vert også organisert, for å skape grunnlag for dialog mellom medlemsstatar og sivilt samfunn. Religiøse leiarar, akademikarar og andre representantar frå sivilt samfunn vil delta på denne høyringa.

Generalforsamlinga vedtok i desember 2007 ein resolusjon for å fremje interreligiøs og interkulturell dialog, forståing og samarbeid for fred.

Les meir om dette her.