GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR AVSKAFFING AV VALD MOT KVINNER, 25. november 2006

0
652

Vald mot kvinner skaper uendeleg elende, rammar familiar på tvers av generasjonane, og svekkjer samfunn. Valden hindrar kvinner i å oppnå potensiala sine, begrensar økonomisk vekst, og undergraver utvikling. Når det handlar om vald mot kvinner, finst det ingen siviliserte samfunn.

Forrige månad sendte eg ut ein grundig rapport som viste at halvparten av menneskeheita lever under denne trusselen – på kvart eit kontinent, i kvart eit land og i kvar ein kultur, uavhengig av inntekt, klasse, rase eller etnisitet. Slik ligg det an sjølv om vi lever med ei verdsorden der menneskerettar har vorte anerkjende i lovverk og garanterte i internasjonale mekanismar; sjølv om vi har lært at nytinga av menneskerettar er grunnleggjande for velferda til individ, samfunn så vel som verda; sjølv om leiarane lova å fordoble innsatsane for å avskaffe alle former for vald mot kvinner på verdstoppmøtet 2005.

Kampen mot denne plaga krev at vi endrar tankegongen som framleis er altfor vanleg og djupt rotfesta. For å prove, ein gong for alle, at når det kjem til vald mot kvinner, finst det ingen grunn til toleranse og ingen tolererte unnskuldningar.

I årevis har kvinneorganisasjonar og bevegelsar verda rundt jobba utrøytteleg for å bringe valden mot kvinner ut av det private domenet og inn på den offentlege arenaen –der statleg ansvar gjer seg gjeldande. Mange land har vedteke og iverksett effektive lover, og sørga for omfattande og kjønnssensitive tenester for valdsoffer. I tillegg har det vore framgang i utforminga av internasjonale standardar.

Det er no på tide å ta desse innsatsane eit steg vidare. Vi i FN må spele ei sterkare, betre koordinert og meir synleg hovudrolle. Medlemsland må gjere meir for å iverksetje internasjonale lovverk og policy-rammeverk dei allereie har forplikta seg til. Og saman må vi danne eit sterkt og effektivt partnarskap med sivilsamfunn som spelar ei avgjerande rolle på alle nivå når det gjeld dette temaet.

Saman må vi arbeide for eit miljø der vald mot kvinner ikkje er tolerert. Ved å bemyndige meg til å foreta dette grundige studiet, har FN sine medlemsland signalisert at dei er klare til å gjere dette. No må vi, med studiet og anbefalingane til rådigheit, samle dei politiske forpliktingane og ressursane som er naudsynte. La oss alle – menn så vel som kvinner –, på denne internasjonale dagen for avskaffing av vald mot kvinner, samle krefter til dette oppdraget.

Kofi A. Annan