GENERALSEKRETÆREN – UTSAGN I HØVE FN-DAGEN, 24.oktober 2006

0
624

For den tiande og siste gong som generalsekretær, vil eg sende mine beste ynskjer i høve FN-dagen til vener og kollegaar verda over. Eg har brukt nesten heile mitt aktive arbeidsliv innanfor FN-systemet –så denne dagen, med alle verdiane den representer, vil alltid vere spesiell for meg.

I løpet av dei ti siste åra, har vi tatt viktige steg framover i kampen vår for utvikling, tryggleik og menneskerettar.

• Bistand og gjeldssletting har auka, noko som har gjort verdsøkonomien noko meir rettferdig.

• Verda har endeleg starta aukinga av HIV/AIDS responsen.

• Det fins færre mellom-statlege krigar enn tidlegare; og mange borgarkriga har vorte avslutta.

• Fleire regjeringar er valde av, og ansvarlege ovanfor, folket dei styrer over.

• Og alle land har erkjent, i det minste verbalt, ansvaret dei har for å beskytte folk mot folkemord, krigsbrotsverk, etnisk utrydding og brotsverk mot menneskeætta.

Men det er framleis mykje som gjenstår:

• Kløfta mellom fattig or rik er framleis i vekst.

• Veldig få land er på rett veg til å nå alle tusenårsmåla innan 2015.

• Mange menneske er framleis utsett for grusomheiter, undertrykkjing, og brutale konfliktar.

• Ikkje-spreiingsavtalen for atomvåpen treng umiddelbar merksemd.

• Terrorisme, og reaksjonen til den, spreier frykt og mistru.

Det ser ut til at vi ikkje ein gong klarer å gjere oss einige om kva trugslar som er viktigast. Dei som bur på små øyer ser kanskje global oppvarming som den største faren. Dei som bur i ein by truga av terroristaksjonar –som New York, eller Mumbai, eller Istanbul – vil kanskje synest at konfrontering av terrorisme er viktigare. Andre att nemner gjerne fattigdom, sjukdommar, eller folkemord.

Sanninga er den at alle desse er globale trugslar. Vi burde alle bry oss om alle desse. Om ikkje, kan det vere vi ikkje lukkast i å handtere nokon av dei.

No, av alle tidspunkt, har vi ikkje råd til å vere splitta. Eg veit at de, verdas folk, forstår dette. Takk for all støtta og oppmuntringane de har gjeve meg gjennom desse ti vanskelege, men spanande åra.

Ver så snille å be leiarane dykkar å arbeide saman med arvtakaren min, å gjer dei Foreinte Nasjonar endå sterkare og meir effektiv.

Lenge leve planeten vår, og folkeslaga på den. Lenge leve dei Foreinte Nasjonar!