GENERALSEKRETÆREN UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE DAGEN FOR VERN AV OZONLAGET

0
631

16. september 2006

Montreal-protokollen om stoff som bryt ned ozonlaget er effektiv og fungerer. Sidan denne multilaterale miljøavtalen vart sett i kraft, har det vore kolossal framgang i dei globale innsatsane for å reparere ozonlaget. Såleis, har vi no tidlege teikn på at vi er på bedringens veg for dette verdfulle livsstøttande systemet.

I den siste av ei rekkje vitenskaplege vurderingar, utført med støtte frå World Meteorological Organisation (WMO) og FN sitt miljøprogram (UNEP), har meir enn 300 forskarar frå 34 land, både frå industri- og utviklingsland, funne klare bevis for ein nedgong i overfloda av ozonnedbrytande stoff i den lågare atmosfæren, så vel som indikasjonar på at óg den nedbrytande effekten i stratosfæren har byrja å minske.

Betra kjemi-klima modellering som er brukt i vurderingar har gjeve oss ei meir presis kalkyle for dagen då vi ventar at ozonlaget er fullstendig bedra. Ved breiddegrader rundt midten og i Arktis, er full bedring no venta rundt 2049, fem år seinare enn det ein kalkulerte først. I Antarktis, er full bedring venta rund 2065, femten år seinare enn den forrige kalkylen.

Vurderinga sine resultat er solide bevis for at det internasjonale samfunnet har iverksett lovnadane sine. Men, slik dei framragande forskarane skreiv i vurderingsrapporten vil svikt i å etterkomme protokollen forseinke, eller til og med hindre bedring av ozonlaget. Difor, vil eg anmode alle land til å stadfeste forpliktinga deira til iverksetjing på nytt. Arbeidet er framleis ikkje avslutta, og det er kun gjennom standhaftig engasjement gjennom dette århundret at generasjonen vår og framtidige generasjonar vil innsjå godene av eit fullstendig bedra ozonlag.

Temaet for merksemda dette året, "Skytt ozonlaget: Redd liv på jorda", inviterer det internasjonale samfunnet til å byggje vidare på deira prestasjonar hittil ved å framskynde  den gradvise nedskjæringa av ozonnedbrytande stoff. Eg oppmodar regjeringar, i samarbeid med industriar, ikkje-statlege organisasjonar og borgarar over heile verda, til å feire den internasjonale dagen for vern av ozonlaget ved å framme aktivitetar som vil fortsetje å oppretthalde offentleg og politisk medvite til oppgåva er fullbyrda.