Jurist frå Malta vert tildelt Nansenpris

0
653
Katrine Camilleri, ein jurist frå Malta som har kjempa for rettane til båtflyktningar i Middelhavet, vart i går tildelt Nansens Flyktningpris. Camilleri er leiar for den juridiske avdelinga i Jesuit Refugee Service (JRS) på Malta, der ho har bistått asylsøkjarar som har vore gjennom alt frå trauma og tortur, til seksuell vald.

”Vi er priviligerte, som har høve til å gi Nansenprisen til ein engel,” sa FN sin høgkommisær for flyktningar António Guterres då han gav Camilleri prisen, ein medalje og $100 000, under ein seremoni i Geneva på tysdag.

”Dette er ei ære eg deler med alle medlem i Jesuit Refugee Service rundt om i verda,” sa Camilleri då ho mottok prisen. Camilleri ynskjer å bruke pengane på JRS sitt vidare arbeid på Malta.

Les meir om JRS her.