Nye fredsforhandlingar om Darfur

0
707

FN sin generalsekretær, Ban Ki-moon, kunngjorde i går at nye fredsforhandlingar for å løyse konflikta i Darfur kjem til å byrje neste månad. Ban oppfordra partane til å avslutte krigshandlingane omgåande, og å binde seg til forhandlingane.

Forhandlingane i Tripoli, Libya, den 27. oktober kjem til å verte leia av FN og den Afrikanske Union (AU) sine spesialutsendingar i Darfur; Jan Eliasson og Salim Ahmed Salim. Ein ynskjer også eit nært samarbeid med andre land i regionen.

Ban Ki-moon understreka kor viktig det er at partane no oppnår ei politisk løysing på konflikta.

Meir enn 200 000 menneske har vorte drepne i Darfur, og minst 2,2 millonar har flykta frå heimane sine på grunn av kampar mellom opprørsgrupper, sudanske styresmakter og Janjaweed-militsen. Konflikta har utløyst ei humanitær katastrofe som har ført til at millionar av menneske no treng bistand.

I eit felles kommuniké frå Sudan og FN lova sudanske styresmakter å arbeide mot fred i Darfur, å delta konstruktivt i forhandlingar, samt å samarbeide med FN og AU for å sikre den planlagde utplasseringa av FN-soldatar i Darfur-regionen. Vidare lova regjeringa å samarbeide med hjelpeorganisasjonar for å betre den humanitære situasjonen i området. Karthoum bandt seg også til å arbeide for å implementere fredsavtalen frå 2005, samt å halde frie val i Sudan i 2009.

FN lova på si side å utplassere UNAMID så snart som råd, å gjere så mykje som mogeleg for å fremje fred og tryggleik i Darfur, samt å støtte opp om betre nord/sør-relasjonar og fredsavtalen frå 2005.

I fylgje Ban Ki-moon er dette eit viktig steg på veg mot eit felles mål: fred i Darfur og langsiktig utvikling i Sudan.

Ban vitja også Al Salaam flyktningeleir i går, og uttalte at han følte seg ”sjokkert og audmjuk” etter å ha sett situasjonen der.

Generalsekretæren reiser no vidare til Chad og Libya.