Travel veke for generalsekretæren

0
714

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon har ei travel veke framfor seg, med planlagde vitjingar til Antarktis, Argentina, Brasil og Chile.

I Chile vil Ban i tillegg til å delta på Ibero-American Summit også avduke ei minneplate til ære for ein spansk FN-arbeidar som vart myrda i Chile i 1976.

Generalsekretæren har også planlagt å vitje Punta Arenas i Chile, samt Antarktis, for å sjå effekten av klimendringar med eigne auge.

Ved å vitje ein etanolplantasje i nærleiken av Sao Paulo i Brasil vil Ban Ki-moon sjå korleis bruken av bio-drivstoff som sukkerrøyr gjer det mogeleg for Brasil å drastisk redudsere utslepp av drivshusgrassar.

Med vitjinga til Amazon-regionen i Brasil, mellom anna til Tapajós Nasjonalskog, vil generalsekretæren sjå nærare på Brasil sine prestasjonar i kampen mot avskoging og fremjing av bærekrafting forvalting av skog.

Andre nært føreståande turar for generalsekretæren inkluderar Spania, i samband med utgivinga av den siste rapporten frå FN sitt klimapanel (IPCC), samt Bali, som vil vere vertskap for den internasjonale klimakonferansen i desember.