UNGDOMMENS ADVOCACY TEAM FOR EIN FREDSKULTUR I FN SITT HOVUDKVARTER

0
83

Fredag 20.oktober 2006 avslutta ungdommens advocacy team, som består av ei gruppe 11 unge menneske from ulike land og bakgrunnar engasjerte i framminga av ein fredskultur, eit to-veker lang advocacy-arbeid i FN sitt hovudkvarter i New York. Dette samarbeidsprosjektet mellom Fundacion Cultura de Paz og United Network of Young Peacebuilders (UNOY) har som mål å framme ein freds- og ikkje-valdskultur gjennom lobbyverksemd blant medlemslanda sine permanente representantar.

Resolusjonen om Fredskulturen ”Det internasjonale tiåret for ein freds- og ikkje-valdskultur for verdas born 2001/2010”, slik det går fram av Agenda Punkt 44, vil diskuterast i generalforsamlinga 3.november, 2006. Meir enn 75 land har såleis bestemt seg for å gje si støtte til resolusjonen, med særskild merksemd frå EU, AU, CARICOM, asiatiske land og representantar for Pavestolen og den Islamske konferansen.

Teamet presenterte i tillegg eit forslag om etableringa av eit globalt ungdommens solidaritetsfond til det internasjonale samfunnet og FN-systemet. Dette fondet vil ha som mål å kunne støtte ungdomsleia og -målretta organisasjonar frå heile verda som arbeider for å skape ein fredskultur, slik det vart fastsatt av generalforsamlinga i resolusjonane A/RES/52/12, 53/25, 56/5, 57/6, 58/1, 59/143, 60/3.

Den 19.oktober 2006 var FN sitt Dag Hammarskjold Library Auditorium vert for arrangementet ”Ei feiring av fredskulturen”, der ungdommens advocacy team presenterte forslaget om etableringa av eit solidaritetsfond, samt ungdommens undersøkjingsrapport 2006 og resultata frå advocacy arbeidet deira. Arrangementet vart opna med ein pianokonsert av Soheil Nasseri frå Carnegie Hall.

MEDLEMMAR AV TEAMET:

Gabriele De Gaudenzi, Italy/France ([email protected])
Elias D’eis, Palestine ([email protected])
Hagar Ibrahim, Egypt ([email protected])
Hélène Leneveu, France ([email protected])
Nick Martin, USA ([email protected])
Anika May, Germany ([email protected])
Hind Ottmani, Morocco ([email protected])
Robin Pitt, UK ([email protected])
Benjamin Sourice, France ([email protected])
Jessica van der Kamp, Hong Kong/Canada ([email protected])
Meghann Villanueva, Philippines ([email protected])

MED STØTTE FRÅ:

– David Adams ([email protected]) – koordinator og rådgjevar for ungdommens advocacy team i New York 2005 og 2006; koordinator for ungdommens fredskulturprosjekt (Det globale ungdommens solidaritetsfond for ein fredskultur). Tidlegare direktør for UNESCO sin seksjon for det internasjonale året for fredskulturen.
– Hilary Jeune ([email protected]) – Rådgjevar
– Alica Cabezudo ([email protected]) – Rådgjevar

FOR VIDARE INFORMASJON:

http://www.un.org/media/accreditation/mediaalert.asp?date=19/10/2006 og http://decade-culture-of-peace.org