Vald mot born – Lousie Arbour, FN sin høgkommisær for menneskerettar

0
617

Eit slør av stillheit dekkjer over valden mot born. Trass dette er slikt misbruk så gjennomtrengjande at ingen land kan ignorere det, og ingen samfunn kan hevde å vere immune mot det. Sjølv om godkjenninga av konvensjonen om bornerettar er nær universal, har regjeringane sine konkrete initiativ til å motarbeide slik vald vore utilstrekkjelege. Å vende det døve øyret til dette fenomenet eller hevde uvite om forekomsten og dei vidare implikasjonane av den vil frå no av vere svært vanskeleg. Etter meir enn tre års arbeid vil FN rapporten ”Verdsrapporten om vald mot born”, som offentleggjerast 11.oktober, gje ei omfattande utgreeing om dei grunnleggjande årsakene og resultata av dette problemet. Rapporten presenter ei rekkje førehandsreglar som kan førebyggje og dempe misbruk, i samsvar med argumentet at slik vald aldri kan vere berettiga. I tillegg samlar rapporten føreliggjande statistikkar og data frå ei rekkje kjelder frå menneskerettsleg hald samt offentleg helse og barneombudserfaringar, og utgjer såleis eit nær globalt bilete av dette foruroligande problemet.

Den dokumenterer at i 2002, 150 millionar jenter og 73 millionar gutar opplevde påtvungen seksuell omgang og andre former seksuelt misbruk; mellom 100 og 140 millonar jenter og kvinner har gjennomgått ei eller anna form for kjønnslemlesting. I 2004, av dei 218 millionar arbeidande borna var 5.7 millionar av desse i tvungent eller obligasjonsarbeid i 2000; 1.8 millionar var i prostitusjon og pornografi, og 1.2 millionar born var offer for traffikering. Paulo Sergio Pinheiro, den uavhengige eksperten utpeika FNs generalsekretær for å leie dette studiet, konkluderar at born lid i stillheit og vonløyse av slik vald grunna skammen og frykta for gjengjelding, og grunna at slike misbruk i nokre tilfelle er statsautoriserte og generelt sosialt aksepterte.

Mangelen på skytting av born byrjar med dei som er direkte ansvarlege for borna si velferd og tryggleik i familiar, på skulane og i samfunna der desse bur og jobbar. Studiet noterer seg at ’største parten av valdelege handlingar mot born er utførde av folk som har del i liva deira.’ Men til sjuande og sist ligg ansvaret hos styresmaktene som, under internasjonal menneskerettslov, er forplikta til å sørgje for eit miljø der born kan dra full nytte av  rettane sine utan frykt for misbruk og gjengjelding…

Konvensjonen om bornerettar utgjer det mest omfattande rettslege rammeverket rundt vald mot born. Provisjonane skyttar dei frå fysisk og psykisk misbruk, skader, forsømming, mishandling og utnytting, noko som óg inkluderar sexuell tvang. Saman med andre avtalar, forpliktar denne konvensjonen styresmakter til å reagere kraftig for å sikre at personar som skal ha omsorg for born, sjølv om det kun er snakk om ein kort periode, avstår frå misbrukande oppførsel.

Mange land har laga seg unntak til konvensjonen sine provisjonar i dei nasjonale lovene og praksisane. Nokre regjeringar er motvillige til å gripe inn i den private sfæren av familieliv og halde dei som gjer seg skuldige i vald innan privatlivets fred til ansvar. I mange land fokuserer lover om vald mot born på seksuell og fysisk vald, men ignorerer psykologisk vald og forsømming. Andre land manglar den tryggleiken som er uunnværleg for effektiv skytting, eller kapasiteten og strukturane som skjerpar hindringstiltaka og sikringsmekanismane. Difor, held kvar dag verda over eit ukjent antal born fram med å lide, med små eller ikkje-eksisterande utvegar, medan gjerningsmennene for gå i fred.

Innføringa av dødsstraff for mindreårige er det mest ekstreme dømet på statleg iverksett misbruk. I nokre land kan mindre alvorlege straffer inkludere juling, steinkasting og amputering. Disiplinære tiltak, som kan føre til grusom, degraderande og unormal behandling eller straff, er lovleg og nytta i strafferettslege institusjonar i minst 77 land. All slik praksis er bannlyst av internasjonal menneskerettslov.

Såleis er det lite overraskande at jenter, handikappa born, eller born frå minoritets- og andre marginaliserte grupper forblir dei mest utsatte i høve vald, både som mål for misbruk og offer for statleg forsømming med tanke på naudsynt skytting og rettferd.

I mange land bidreg vaksande inntektsskilnadar, globalisering, migrasjon og pandemiar til eit klima for utrygge og strid som påverkar, ofte uproporsjonelt, born sine rettar, både økonomiske og sosiale så vel som kulturelle rettar.

Med ein slik dyster bakgrunn, beklagar studiet manglande forståing og kunnskap om dei underliggjande grunnane for vald mot born. Den påpeikar at sjølv i land der lover og reglar er på plass for å hindre misbruk er dei ofte plassert på ein slik måte og med ufullstendige og reaktive, istadenfor omfattande og forhindrande midlar. For å vippe balansen over mot effektiv skytting, burde land flytte sine engasjement under den internasjonale menneskerettslova over til konkrete policy’ar og handlingar, evaluere prioriteringar, slutte å klandre eller forsømme offer og istaden straffe gjerningsmennene bak vald og misbruk.

Med dette som mål har FN-studiet lagt fram ei rekkje forslag, som óg innkluderer enkelte førebyggjings- og oppfylgjingsmekansimar for å sikre at born ikkje forblir uskytta. Meir enn 3000 personar har bidrege til dette studiet, inkludert born som la frykt og skamkjensle bak seg for å stige fram. Dei har tilbudd grundige forklaringar av situasjonane sine. Vi burde ta hensyn til deira ord og behov. Når alt kjem til alt så er det dei som veit best.

Louise Arbour