Allianse mellom sivilisasjonar: Forum i Madrid

0
84

Det fyrste av FN sine forum for “Allianse mellom sivilisasjonar” vil finne stad på tysdag 16. og onsdag 17. januar i Madrid. Målsetjinga med forumet er å finne framgangsmåtar for å jamne ut det aukande skiljet mellom nasjonar og kulturar på verdsbasis, samt å etablere eit nytt samarbeid for å fremje global forståing.

Forumet vil verte innleia av den spanske persidenten José Luis Rodríguez Zapatero, den tyrkiske statsministeren Erdogan, FN sin generalsekretær Ban Ki-moon, og tidlegare president av Portugal Jorge Sampaio, som no er høgrepresentant for FN sin Allianse mellom sivilisasjonar.

Spanske styresmakter er vertskap for forumet, som vil samle politiske leiarar, mediasjefar, leiarar frå det sivile samfunn, direktørar frå det private næringsliv og filmindustrien, samt religiøse personlegdomar.

Andre deltakarar å merke seg inkluderar forfattaren Paulo Coelho, nobelvinnaren Shirin Ebadi, dronning Noor av Jordan,  nyhendeanker i Al Jazeera Riz Khan, generalsekretæren i den Arabiske liga Amr Moussa og tidlegare president i Irland Mary Robinson.

Forumet vil innehalde kunngjeringar om høgprofil-initiativ, inkludert store prosjekt med sikte på å fremje forståing mellom kulturar innanfor media og ungdom. Andre bindande avtalar og partnerskap mellom styresmakter og multilaterale organiasajonar vil også verte kunngjorde under forumet.
 
To viktige allianse-prosjekt som vil verte kunngjorde på formet er:

Rapid Response Media Mechanism – ein internet-basert katalog med oversikt over ekspertar på interkulturelle spørsmål, som media kan ta kontakt med dersom ei internasjonal krise finn stad.

Alliance of Civilizations Clearinghouse  – eit online kunnskapsverkty som dekkjer ei rekkje tema, med mål om å fremje krysskulturell forståing.

Allianse mellom sivilisasjonar vart etablert i 2006 etter initativ frå spanske og tyrkiske styresmakter, under FN si leiing. Alliansen har som målsetjing å auke forståing og samarbeid mellom nasjonar og menneske på tvers av kulturar og religionar, samstundes som den vil verke som motvekt mot polarisering og ekstremisme. Alliansen er støtta av ei vennegruppe – eit samfunn av over 80 medlemsland og internasjonale organisasjonar.

Allianse mellom sivilisasjonar si webside
 
Alliance mellom sivilisasjonar si forum-webside
 
Generalsekretæren si uttaling ved  innleiinga av forumet I Madrid 15. januar 2008