Bali og vegen vidare: Ein ny grøn økonomi

0
107
Vi har lese vitskapen. Global oppvarming er ein realitet, og vi er ei hovudårsak.

Vi har høyrt åtvaringane. Dersom vi ikkje handlar no, kjem vi til å stå ovanfor alvorlege konsekvensar. Polarisen kan kome til å smelte. Havnivået kjem til å stige. Ein tredel av plante- og dyreslaga våre kan kome til å forsvinne. Hungersnød vil råke verda, særskilt Afrika og sentral-Asia.

Noko som i stor grad har forsvunne i denne debatten, er dei gode nyhendene. Vi kan gjere noko med dette – lettare, og mindre kostbart, enn mange tenkjer seg.

Dette er konklusjonane frå den siste rapporten til FN sitt klimapanel (IPCC), det vitskaplege organet som nyleg mottok Nobels Fredspris. Dette er urovekkjande lesestoff, men vi må ikkje gløyme den optimistiske hovudkonklusjonen: vi kan gjere dette – på måtar som er kostnadseffektive, og som samstundes fremjar velstand.

Denne veka møtast verdsleiarar under toppmøtet på Bali. Vi treng eit gjennombrot: ein omfattande avtale om klimaendringar som alle nasjonar kan samlast om. Vi må setje ein agenda – eit vegkart mot ei betre framtid, saman med ei stram tidsramme som kan frambringe ein avtale innan 2009.

Vi veit enno ikkje korleis ein avtale kan kome til å sjå ut. Bør avtalen kreve skatt frå utslepp av drivhusgassar, eller skape eit internasjonalt system for karbonhandel? Bør den skape mekanismar som kan førebyggje avskoging, som forklarar årsaka til 20 prosent av CO2-utslepp, eller hjelpe mindre utvikla land å tilpasse seg dei uunngåelege konsekvensane av global oppvarming – konsekvensar som tyngjer dei uforholdsmessig mykje? Bør den leggje vekt på konservering og fornybare drivstoff, som biomasse eller kjernekraft, og leggje til rette for overføring av ny ”grøn” teknologi rundt om i verda?

Svaret, sjølvsagt, er ein variasjon av alle forslaga ovanfor – og mykje, mykje meir. Dersom forhandlingane køyrer seg fast grunna breidda og kompleksiteten i desse spørsmåla, mistar vi den mest verdifulle ressursen vi har: tid. I denne samanheng hjelper det å ha ein visjon om korleis framtida kan kome til å sjå ut, dersom vi lukkast. Dette er ikkje berre ei reinare, sunnare og tryggare verd for oss alle. Handtert på rett måte, kan kampen vår mot global oppvarming leggje grunnlaget for ei miljøvenleg omskaping av den globale økonomien – ei endring som stimulerar vekst og utvikling i staden for å forhindre det, noko mange statsleiarar fryktar.

Vi har vore vitne til tre økonomiske omveltingar i det siste århundret. Fyrst kom den industrielle revolusjonen, så teknologirevolusjonen, etterfylgd av vår moderne, globaliserte, tidsalder. Vi står no i startgropa for endå ei stor endring: Tidsalderen for grøn økonomi.        
Vitneprovet er rundt oss, overalt, ofte på uventa stader. Då eg nyleg vitja Sør-Amerika, såg eg korleis Brasil har vorte ein av dei største spelarane innanfor grøn økonomi. Brasil dekkjer rundt 44 prosent av energibehovet sitt ved hjelp av fornybare energikjelder. På verdsbasis er gjennomsnittet 13 prosent, i Europa 6,1 prosent.

Det har vore mykje fokus på det faktum at Kina er venta å forbigå USA når det gjeld utslepp av drivhusgassar. Mindre kjend er Kina sin nylege innsats for å konfrontere dei alvorlege miljøproblema. Kina kjem til å investere 10 milliardar dollar i fornybar energi i år; berre Tyskland investerar meir. Kina har vorte ein verdsleiar i sol- og vindkraft. På eit nyleg toppmøte i Singapore mellom leiarar i Aust-Asia, lova statsminister Wen Jiabao å redusere energiforbruket (per eining av GDP) med 20 prosent over fem år – ikkje så langt frå Europa sin bindande avtale om ein 20 prosent reduksjon av drivhusgassar innan 2020.

Dette vert framgangsmåten i framtida. I fylgje nokre berekningar vil vekst i global energietterspørsel verte halvert over dei neste 15 åra berre ved å nytte eksisterande teknologi. Den nye rapporten til FN sitt klimapanel gjer greie for dei praktiske løysingane, frå strengare standardar for luftkondisjoneringsanlegg og kjøleskap til betra effektivitet i industri, byggjing og transport. Rapporten hevdar at det å få bukt med klimaendringane kan kome til å koste så lite som 0.1 prosent av global GDP over dei neste tre tiåra.

Økonomisk vekst treng ikkje lide, og kan faktisk kome til å tilta. Forskarar ved Berkeley, University of California, viser til at USA kan skape 300 000 arbeidsplassar dersom 20 prosent av elektrisitetsbehovet vert dekka av fornybare energikjelder. Eit leiande konsulentfirma i München spår at fleire menneske vil vere tilsette i Tyskland sin miljøteknologiske industri enn i bilindustrien ved slutten av neste tiår. FN sitt miljøprogram (UNEP) bereknar at global investering i drivhusfri energi vil nå 1,9 billionar innan 2020 – startkapital for ein komplett rekonfigurasjon av den globale industrien.

Allereie no krever bedrifter i mange deler av verda klåre, offentlege retningsliner m.o.t. klimaendringar, utan omsyn til kva form desse tek – reguleringar, utsleppsgrenser, retningsliner for effektivitet. Årsaka er openberr. Bedrifter treng grunnreglar. Det er til ein stor grad FN si rolle å hjelpe til med å skape desse reglane.
 
Arbeidet vårt, på Bali og i det vidare arbeidet, er å forme denne gryande globale endringa – å opne døra for ein tidsalder der grøn økonomi og grøn utvikling står sentralt. Det som manglar er eit globalt rammeverk vi, verda sine innbyggjarar, kan nytte til å koordinere innsatsen vår i kampen mot klimaendringar.

Vitskapen har gjort jobben sin. No er det opp til politikarane. Bali vil teste leiarskapen deira. Kva ventar vi på?

Av Ban Ki-moon, FN sin generalsekretær.