Ban Ki-moon: Naudsynt med handling i Antarktis

0
619
Ban Ki-moon vitja forrige veke Antarktis, og vart dermed den fyrste generalsekretæren til å vitje området. Generalsekretæren reiste til sydpolsområdet for å sjølv oppleve den antarktiske naturen i endring. I fylgje Ban demonstrerar dei aukande temperaturane på kontinentet farane ved klimaendringar og behovet for handling.

”Det er her arbeidet vårt, saman, kjem i fokus,” sa Ban i ei meddeling fredag. ”Vi ser Antarktis sin venleik – og farane global oppvarming representerar. Vi ser også kor viktig det er at vi gjer noko med dette.”

Generalsekretæren, som har gjort mykje for å setje klimaendringar på den internasjonale agendaen, arbeider no for å samle støtte for ein internasjonal klimakonferanse på Bali i desember. Ban sa han sjølv er heilt bestemt på å fremje vidare arbeid for å bremse effektane av klimaendringar.

Han uttalte at landskapet på Antarktis er ”sjeldan og nydeleg”, men samstundes svært urovekkjande ettersom isen held fram med å smelte.  

”Alt dette kan kome til å forsvinne, om kort tid, dersom vi ikkje går saman for å handle, no,” åtvara han.

”Antarktis er på randen av ei katastrofe – ei katastrofe for verda.”

Generalsekretæren refererte til skremmande statistikk for å illustrere poenget sitt, og viste til å isbreear på King George Island har minka med 10 prosent, medan nokre brear i Admirality Bay har trekt seg 25 kilometer tilbake. Han minna også om det 87 kilometer store ”Larsen B isflaket” som kollapsa  og forsvann i løpet av eit par veker. Ban åtvara om at heile den vest-antarktiske issiokkelen no står i fare.

”Ein femtetel av kontinentet er flytande is. Dersom det går i stykker, kan havnivået kome til å stige med 6 meter,” sa Ban, og viste til at 138 tonn med is no forsvinn kvart år.

Andre ”svært urovekkjande teikn” han nemnde var den minkande pingvinbestanden på Chabrier Rock, som har vorte redusert med 57% over dei siste 25 åra. ”Kva vil skje med den årlege pingvinvandringa i framtida? Vil det eingong vere ei slik vandring?”

Samstundes veks det no gras for fyrste gong på King George Island, der det i aukande grad regnar i staden for å snø om sommaren.

”Desse endringane bør uroe oss alle. Antarktis er eit naturleg labratorium som hjelper oss å forstå kva som skjer med verda vår. Vi må redde denne verdifulle jorda, inkludert alt som er rundt oss. Det er eit naturleg underverk, men mest av alt er det vår felles heim,” sa generalsekretæren.