UNICEF: Målretta helsestrategiar naudsynt for å redde barneliv

0
649
Rundt 26000 born under fem år døyr kvar dag, og vi treng no styrka strategiar for å redde liv. Dette kjem fram i UNICEF sin årlege rapport som kom ut i går. Rapporten  understrekar at investering i barne- og mødrehelse er både eit menneskerett- og utviklingsimperativ.

I 1960 mista rundt 20 millonar born livet før fylte fem år. I 2006 gjekk dette talet for fyrste gong ned til under 10 millionar – 9.7 millionar – i 2006. Dette betyr ein 60% nedgang i barnedødsraten.

“Ein kan enno ikkje vere tilfreds,” skriv Ann M. Veneman, direktør i UNICEF, i forordet til den 164-sider lange rapporten State of the World’s Children 2008, som vart lansert i Geneva i går.

Ho sa vidare at dei 9.7 millonane unge liv som vert mista kvart år er “uakseptable, særskilt når mange av desse dødsfalla kan forhindrast.” Veneman bad om integrering av grunnleggjande tenester for mødre og born på lokalnivå.

Den nye rapporten, som understrekar behovet for auka tilgong til behandling og førebyggjing, set også søkjelys på effekten enkle og rimelege metodar – som vaksinar, myggnett med innsektdrepande middel og vitamin A-tilskot  – kan ha på å redde barneliv.

Til trass for framgang når det gjeld barnehelse, er mange land fortsatt ikkje i rute når det gjeld å oppnå tusenårsmålet om å redusere småbarnsdødsraten med to tredjedelar innan 2015.

“Ein auke i investering i helsesystem vil verte naudsynt dersom vi skal klare å oppnå FN sine mål om barnehelse, men framgang er også mogeleg der helsesystema er svake,” sa Margaret Chan, direktør i Verdas helseorganisasjon (WHO). ” Nyskapande idear i mange land syner oss at ei integrert tilnærming der kvart born vert nådd med ei rekkje tiltak på same tid kan føre til umiddelbare resultat.”

Rapporten – som byggjer på informasjon frå husstandsundersøkjingar og informasjon frå samarbeidspartnerar som WHO og Verdsbanken – oppmodar om ei tilnærming som sler ihop sjukdomsspesifikke tiltak med styrka nasjonale helsesystem, for å skape ein ”samanhengande omsorg”, som omfattar hushaldninga, lokale klinikkar og samfunn.

Tre fjerdedeler av dei 62 landa som ikkje syner naudsynt framgang mot dette målet er i Afrika. I Afrika sør for Sahara, døyr eit av seks born før dei fyller fem år. Dette utgjer nesten halvparten av heile dødsratren for born under fem år i 2006.

For å framskunde framgangen i reduksjon av småbarnsdødsraten i Afrika og resten av verda, har UNICEF, WHO og Verdsbanken oppretta eit rammeverk som oppmodar om grundigare innsamling av informasjon, samt tilbod om ”samanhengande omsorg”, ved å kombinere sjukdomsspeskifikke tiltak med ernæringstiltak. 

I tillegg fremjar dei ei styrking av helsesystem, samt auka politisk engasjement for integrerte helsestrategiar og ei harmonisering av globale helsesystem.