Eit Felles Ansvar- Debatt-innlegg av FN sin generalsekretær Kofi Annan, publisert i Dagsavisen

0
626

Snevet av håp som mange av oss kjente då fredsavtalen i Darfur vart signert for fire månader sidan er iferd med å verte knust av fornya kampar. Tusenvis av sudanske væpna styrkar har vorte utplassert i området. Eit område som óg har vorte utsatt for fornya bombardement frå lufta. Dette bryt klart med fredsavtalen.

Eg fordømmer ei slik opptrapping på det sterkaste. Regjeringa burde stoppe denne offensiven umiddelbart. Alle partar burde iverksetje løfta sine og ta tryggingsrådet sine resolusjonar til etterretning.

Dei siste samanstøyta har ført til endå større elende for folket i Darfur som allereie har vore utsett for så altfor mykje. Det samla talet på fordrivne personar har nådd 1.9 millionar no. Nesten 3 millionar menneske er avhengige av internasjonal bistand for mat, ly og medisinske tenester. Samstundes har kampane gjort det mykje vanskelegare for humanitære hjelpearbeidarar å nå fram. Til ei stadig større grad har humanitære hjelpearbeidarar sjølve vorte mål for brutal vald, fysisk trakassering og retorisk bakvasking. Berre i dei to siste månadane har 12 vorte drepne.

For eit år sidan under verdstoppmøtet i FN, gjorde alle statar seg einige om ‘ansvaret for å skytte’ befolkningane sine frå folkemord, krigsbrotsverk, etnisk utrydding og brotsverk mot menneskeætta. Den sudanske regjeringa vil lide av vanære og unåde – i påsyn av heile Afrika og det internasjonale samfunnet, om den ikkje opprettheld det ukrenkjelege ansvaret for å skytte sitt eige folk. Verken dei som vedtek slike politiske kursar, eller dei som set dei iverk, kan tru at dei ikkje vil verte haldne ansvarlege.

Atter ein gong ber eg regjeringa om å unngå dette ved å samtykkje i tryggingsrådet si avgjersle om å utplassere ein FN-fredstryggjande operasjon. Ein slik operasjon vil vere betre utstyrt og finansiert enn den noverande fredstryggjande styrken frå den Afrikanske unionen. I tillegg vil den ha eit tydelegare mandat til å skytte dei i fare.

Rundt 10 000 FN-styrkar er allereie i Sudan. I meir enn eit år har desse assistert iverksetjinga av fredsavtalen mellom nord og sør i Sudan. 31.oktober godkjente tryggingsrådet utsendinga av ytterlegare 17 300 troppar for å gjere det same i Darfur -for å assistere iverksetjinga av fredsavtalen og sikre at folket i Darfur kan leve i fred og verdigheit. Samstundes understreka tryggingsrådet forpliktinga til den sudanske suvereniteten, sameinet, sjølvstendet og territoriske integriteten. Det fins ingen baktankar, ingen andre ambisjonar, berre ambisjonen om å hjelpe. Men så langt har regjeringa i Sudan nekta å gje sitt samtykkje.

Det vil uansett ta tid for ekstra FN troppar å komme på plass. Tryggingsrådet har difor bedt om at dei fredstryggjande styrkane frå den Afrikanske unionen (AMIS) vert styrka slik at dei kan forsetje fram til FN kjem. Afrikanarane har gjentatte gonger bedt om ein slik overgang, men har vore like tydelege på at styrkane deira, som har opptredd tappert i svært vanskelege omgjevnader, i mellomtida treng fleire ressursar.

FN og AU har såleis vorte einige om ein bistandspakke frå FN som kan sikre at AU kan forsetje arbeidet sitt i den avgjerande overgangsfasen. Likevel vil AU trenge auka direkte støtte frå partnarar i gjevarsamfunnet. Dette omfattar til dømes den Arabiske ligaen som har tilbudd livsviktig støtte, og som samstundes har uttrykt overtyding om at AMIS burde bli til utgangen av året.

Eg har gong på gong prøvd å forklare overgangen til den sudanske regjeringa, og klare opp i moglege misoppfatningar og mytar. Eg har understreka, både offentleg og privat, den humanitære situasjonen og appellert til regjeringa sin eigen pragmatiske forstand.

Men einsam er ikkje mi stemme nok. Individ så vel som regjeringar må sikre at dei vert høyrde. Kven som helst, både i Afrika og andre stader, står i ein posisjon til å kunne påvirke regjeringa i Sudan og må gjere dette utan å nøle.

Tryggingsrådet, med sine fem varige medlemmar (Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA), har eit særsildt ansvar for å sikre at budskapen til den sudanske regjeringa er sterk, tydeleg og unison. Men kvar einaste stemme utgjer ein skilnad, og difor er det eit ansvar vi alle deler. Eg ber alle om samle stemmene sine slik at vi saman kan  be regjeringa i Sudan famne om krafta av resolusjon 1706, godkjenne overgangen og søkje ein politisk prosess med ny energi og forplikting.

Det finst inga militær løysing til krisa i Darfur. Etter så mykje død og øydeleggjing burde alle partar ha forstått at berre ein politisk avtale der alle deltakarar er fullt engasjerte kan skape verkeleg fred i regionen.

For tolv år sidan svikta både FN og verda folket i Rwanda i deira naud. Kan vi no, i full medvite, stå og betrakte at tragedien i Darfur forverrast?

Skribent: Generalsekretæren i FN.