FN-rapport påviser samanheng mellom fattigdom og produktivitet

0
729

Ein ny rapport frå FN sin internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO) viser samanheng mellom fattigdom og arbeidsproduktivitet. Rapporten hevdar også at mangel på investering i opplæring og utdanning gjer det vanskelegare for menneske å kome seg ut av fattigdom.

"Produktivitet er hjørnesteinen i kampen mot fattigdom," seier Lawrence Jeff Johnson, som arbeider med arbeidstrendar i ILO.

Sjølv om produktivitet i aust-Asia har dobla over dei ti siste åra, viser rapporten at det fortsatt er USA som ligg på topp internasjonalt når ein måler arbeidsproduktivitet per tilsett person i 2006.

Sør-Asia, sentral- og sør-austlege Europa (ikkje-EU-land), samt Samveldet av uavhengige statar har alle opplevd ein auke i produktivitetsnivå over dei siste åra. I sør- og aust-Asia viser rapporten at det har vore ein merkbar nedgang i ”arbeidande fattige”, m.a.o. menneske som arbeider men som ikkje er i stand til å tene meir enn to dollar om dagen.

Situasjonen er svært anleis i Afrika sør for Sahara, der ein kun har sett ”moderat” produktivitetsvekst. ”Ofte er arbeidskraft det einaste fattige menneske har,” seier Johnson. ”Dersom vi ynskjer å redusere fattigdom er vi nøydde til å auke produktiviteten.”

Rapporten sler også fast at det fortsatt er store skilnader mellom industrialiserte og andre regionar, sjølv om produktiviteten har auka på verdsbasis.

I fylgje ei pressemelding frå ILO er auken i produktivitet grunna betre bruk av kapital, arbeidskraft og teknologi. Investering i opplæring, utstyr og teknologi er difor heilt naudsynt for å best nytte arbeidspotensialet i verda.

I fylgje rapporten arbeider ein i USA fleire timar i veka enn i dei fleste andre vestlege land. Når ein måler produktiviteten som verdiskaping per arbeidstime er det Noreg som har det høgaste produktivitetsnivået.

Les heile rapporten her.