Fred i religionen sitt namn

0
852

Religion kan vere ei positiv kraft for fred, skriv Jorge Sampaio, høgrepresentant for FN sin Allianse mellom sivilisasjonar.

Det at vi lever i ei stadig tettare verd reduserar ikkje førekomsten av valdeleg konflikt, men det hjelp oss å betre forstå dei mange ulike faktorane som kan føre til krig. Territoriale ambisjonar, geopolitiske interesser og politisk rivalisering er berre nokre av årsakene til at valdeleg konflikt oppstår. Konkurranse om naturressursar, økonomisk ustabilitet og sosial urettferd aukar også risikoen for konfrontasjon, både innanfor landegrenser og mellom nasjonar. I ei verd der identitetar er rotlause, verdiar er i endring og tradisjon og modernitet støyter saman, er sjansane større for etnisk og samfunnsbasert konflikt.

I dei seinare år har også religion vorte oppfatta som ei kjelde til fiendskap og hat. På den internasjonale fredsdagen har vi eit unikt høve til å minne om at dette ikkje alltid stemmer, og at religiøse leiarar og trusbaserte organisasjonar rundt om i verda spelar ei positiv rolle i konfliktløysing.

Å hevde at religion kan vere ei positiv kraft for fred er ein påstand som ikkje alltid er lett å forsvare. Frå Irak til Afghanistan, frå Kashmir til Sri Lanka, frå Indonesia til Israel og Palestina, det verkar ofte som om religion fyrer opp under konflikt og krig. Men det at religion er ein faktor i mange av krisesituasjonane vi ser i dag, treng ikkje bety at det er religion som utløyser konflikt.

Sanninga er at religiøs tru og ideal altfor ofte vert utnytta for å rettferdiggjere hat og vald. I ei verd som nokre gongar kan synest utan styring, urettvis og utan solide verdiar, tilbyr religion ei kjensle av tryggleik og meining som mange – særskilt unge menneske – lengtar etter. Sårbarheita deira kan lett verte utnytta av leiarar som ikkje eig skruplar når det gjeld å bruke og misbruke religion for å skape fiendtlege kjensler mot dei som ikkje deler den same trua. Og fordi religiøs identitet ligg så tett opptil mennesket si kjensle av tilhøyrigheit, har det også makt til å mobilisere sterke følelsar, noko som kan føre til valdelige handlingar. Men kynismen til ei handfull villeia leiarar må ikkje gi vanry den ektefølte og fredfulle overtydinga ein finn hjå dei fleste truande.

Påstanden om at religion er ei av dei viktigaste årsakene til skade og vald i verda er ikkje berre urettvis; den er også farleg fordi den avleiar merksemda vår frå dei verkelege årsakene til konflikt. Det skapar eit falskt inntrykk der økonomisk urettferd, militære ambisjonar og geopolitisk rivalisering berre spelar ei sekundær rolle i krig. Det gir oss inntrykk av at vi må byrje med det ”religiøse problemet” for å hindre konfliktar i framtida.

Det å klandre religion fører også til at vi overser den viktige rolla religiøse samfunn spelar i å leggje til rette for fred og forsoning. Den positive påverknaden religion kan ha, er synleg i kjerneverdiane og dei felles ideala til dei største religionane, som oppmodar om å respektere enkeltmennesket sin vørdnad. Dette enkle prinsippet artikulerar det grunnleggjande kravet om fredelege relasjonar mellom kulturar og samfunn. Det ligg til grunn for viktige internasjonale avtalar – viktigast av alle er FN-deklarasjonen om menneskerettar.

I aukande grad nyttar religiøse leiarar innflytelsen sin til å fremje fredeleg konfliktløysing. I juli i fjor publiserte amerikanske evangelist-leiarar eit ope brev til George Bush der dei oppmoda han til å gjenopprette fredsforhandlingar mellom Israel og Palestina, og bad om ”ei rettvis, varig  semje som garanterar at dei begge får levedyktige, uavhengige og sikre statar.” Rolla muslimske leiarar spelar i å støtte opp om fredsarbeid og fordømming av terrorisme vert ofte oversett. Men gang på gang, rundt om i heile verda, har dei kome sterkt ut for å fordømme vald, og understreke at dette ikkje er Islamsk lærdom.

Samstundes kan ein ikkje gløyme makta religion har som ei mobiliserande kraft. Religiøs tru og tradisjon er ein viktig del av kulturell identitet for fleire milliardar menneske i heile verda, og religiøse institusjonar er innflytelsesrike meklarar med omfattande nettverk i alle deler av verda. Denne mobiliserande kapasiteten er ofte ein viktig faktor i konfliktløysing og fredsbyggjing på tvers av kulturar. Frå Indonesia til Sierra Leone, frå Nigeria til El Salvador, frå Kosovo til Sudan, religiøse leiarar har spelt og spelar fortsatt ei viktig rolle gjennom å oppmode til dialog mellom partar i konflikt, å bidra med emosjonell og åndeleg støtte til samfunn utsette for konflikt samt å leggje til rette for forsoningsprosessar.

FN sin Allianse mellom sivilisasjonar (Alliance of Civilizations Initiative) spelar også ei viktig rolle ved å støtte opp om den positive rolla til religiøse leiarar i arbeidet med å finne felles interesser i mange konfliktområde rundt om i verda. Initiert av styresmakter i Spania og Tyrkia, i FN sin regi, har alliansen som målsetnad å fremje ei rekkje prosjekt på tvers av kulturar, for å byggje bruer mellom desse.

I januar neste år vil eit Alliance of Civilizations Forum arrangerast i Madrid. Styresmakter, internasjonale organisasjonar, donor-organisasjonar, sivilt samfunn og business-leiarar vil samlast for å vidareutvikle samarbeid på tvers av kulturar, samt å styrke samarbeid i handling. Dette arrangementet kjem også til å bringe saman eit omfattande nettverk av religiøse leiarar for å sjå nærare på dei særskilte rollene dei og samfunna deira kan spele i fremjing av tryggleik for alle.

Dette, og andre initiativ, er viktige påminningar om den viktige rolla trusbaserte organisasjonar kan spele i å støtte opp om fredsbyggjing. Dei viser også at medan styresmakter har makt til å skrive under på fredsavtalar, er religiøse grupper strategisk plassert for å gjenbyggje tillit, respekt og forståing mellom ulike samfunn.

Av Jorge Sampaio, høgrepresentant for FN sin Allianse mellom sivilisasjonar

Les meir om FN sin Allianse mellom sivilisasjonar her.