Generalsekretæren sin bodskap på verda sin matvaredag

0
95
Retten til mat er ein menneskerett. Likevel lir 854 millionar menneske frå konstant svolt, og tala har auka sidan byrjinga av tusenåret. I ei verd av overflod er denne situasjonen uakseptabel.

Det er difor rett til mat vart valt som tema for verda sin matvaredag i år. Vi må sørge for at stemmene til desse 854 millionar menneska vert høyrde. Vi må arbeide for å verne den grunnleggjande menneskeretten deira. Vi må anerkjenne den rolla menneskerettar spelar i kampen mot svolt og fattigdom, og samanhengen mellom utvikling, menneskerettar og tryggleik.

Sidan den universelle deklarasjonen for menneskerettar i 1948, har retten til mat vorte styrka gjennom lovgivande tiltak på internasjonalt og nasjonalt nivå. På verda sitt mattoppmøte og i tusenårsmålserklæringa vart politiske lovnadar gjevne og stadfesta på høgaste nivå. FN sin mat- og jordbruksorganisasjon (FAO) har utarbeidd praktiske retningsliner som kan hjelpe styresmakter å slå bru over kløfta mellom juridisk anerkjennelse og praktiske tiltak.

Framgangen i kampen mot svolt går fortsatt seint. Vi må gjere langt meir for å setje integriteten og retten til eitkvart menneske i sentrum for innsatsen vår. Vi må kombinere noverande tiltak med opptrappa innsats for å sikre deltaking og myndiggjering, auka innsyn og legitimitet, menneskeverd og rettstryggleik. 

Verda har ressursane, kunnskapen og midlane som trengst for å gjere retten til mat ein realitet for alle. I dag, på verda sin matvaredag, lat oss stå saman for å få dette til å skje.

Ban Ki-moon er FN sin generalsekretær.