GENERALSEKRETÆREN — UTSAGN I HØVE DEN INTERNASJONALE SOLIDARETSDAGEN FOR DET PALESTINSKE FOLKET

0
135

New York, 29. november 2006 – Ei fredeleg løysing av Israel-Palestina konflikta er framleis hjarteskjærande vag. Rekkjevis av høver for å føre fredsprosessen framover har ikkje gitt resultat.

Med kunngjeringa om ei våpenkvile i Gaza har vi i løpet av dei siste dagane fått eit snev av håp om at den siste runden med krigshandlingar vil vike for ein periode med ro. Eg ber begge sider om å halde fast ved denne forpliktinga, og unngå einkvar aktivitet som vil kunne sette vidare framgang på spel. Eg oppmodar óg om at dei utvidar våpenkvila til Vestbanken.

Ein slutt på valden er faktisk heilt naudsynt. Dei siste militære operasjonane på Gazastripa resulterte i ei dramatisk auke av sivile offer samt øydeleggjingar av eigedom og infrastruktur. Det er framleis avgjerande for Israel å vere ytterst tilbakehaldne, og oppretthalde ansvaret for skyttinga av palestinske sivile jamføre internasjonal lov.

Israelarar lever óg i utryggleik. Dei har rettvist krevd at dei palestinske styresmaktene tek truverdige handlingar for å hindre angrep på dei og deira territorie. Dei kontinuerlege rakettangrepa av palestinske militantar mot sivile israelske mål er uakseptable og må avsluttast umiddelbart.

Den palestinske styresmakta står sjølv framfor ei svekkjande politisk og økonomisk krise. Palestinske institusjonar, sjukehus og skular står i alarmerande usikker stand, noko som forverrar den allereie intense lidinga for det palestinske folket. Den stadig verre humanitære situasjonen på Vestbanken og Gaza krev umiddelbar merksemd, og eg håpar at gjevarsamfunnet vil halde fram med å vere rause.

Blodbadet i løpet av dei siste månadane har vore destod meir tragisk sidan vi veit at det store fleirtalet av både palestinarar og israelarar gjerne vil ha ei forhandla, tostatleg løysing – ei løysing som vil gjere slutt på okkupasjonen som starta i 1967 og etablere ein uavhengig palestinsk stat samt sikre tryggleik for Israel. Eg trur óg at leiarane på begge sider – president Abbas og statsminister Olmert – er oppriktig engasjerte i å løfte folkegruppene sine ut av tiår med uvisse og smerte.

Framleis bær partane sjølve hovudansvaret for å finne vegen ut av tilstanden, ved å engasjere seg i ein levedyktig politisk prosess som kan føre til den freden folkegruppene begge ynskjer. Ingen kan skape fred for dei, tvinge fred på dei, eller ynskje seg fred meir enn dei. Samstundes, har det internasjonale samfunnet óg spela ei viktig rolle i denne konflikta heilt frå byrjinga av, og kan såleis ikkje flykte frå sitt eige ansvar for å bidra til ei løysing.

FN har alltid stått i den fremste rekkja av denne internasjonale rolla, høgst engasjert i leitinga etter fred og i tiltak for å lindre lidinga. Vi må ikkje gløyme at denne dagen minnar om generalforsamlinga sitt første forslag om ei tostatleg løysing i 1947. Tryggingsrådet sine resolusjonar 242, 338, 1397 og 1515 står idag framleis som dei godkjende retningslinjene for ei rettvis og varig løysing. Våre fredstryggande operasjonar har bidrege til å skape rom for diplomati. FN sin spesialkoordinator for fredsprosessen i Midtausten held fram det tette samarbeidet med partane og representantane frå det internasjonale samfunnet i regionen. Samstundes held dei humanitære- og utviklingsorgana våre fram med å gje millionvis av palestinarar den livlina dei treng. Eg rosar arbeid som er gjort av menn og kvinner i desse organa, som utfører sine mandat under stadig vanskelegare vilkår.

La oss på denne internasjonale dagen forplikte oss sjølve til gje fredsprosessen ein ny giv slik at måla om status som ein sjølvstendig stat for palestinarane og tryggleik for staten Israel kan realiserast før denne tragedien krev for mange fleire liv.