Idear for utvikling: Ekspertar bloggar om utvikling

0
635

Idear for utvikling, ein internasjonal blogg med målsetjing om å stimulere debatt om økonomisk utvikling, vart lansert i Washington 21. oktober i samband med Verdsbanken og IMF sine årsmøte. Bloggen har vorte oppretta av sju framståande personlegdomar, og kjem til å tilby vevsbrukarar eit nytt forum for deling av informasjon, synspunkt og visjonar for framtida, med eit felles mål om å fremje internasjonal utvikling.

Leiarar i internasjonale organisasjonar vil ta aktivt del i bloggen:

·    Kemal Dervis, administrator i FN sin utviklingsorganisjasjon (UNDP),
·    Abdou Diouf, generalsekretær i Organisation De La Francophonie,
·    Donald Kaberuka, leiar av den afrikanske utviklingsbanken,
·    Pascal Lamy, direktør i verdas handelsorganisasjon (WTO),
·    Supachai Panitchpakdi, generalsekretær i FN sin konferanse om handel og utvikling (UNCTD),
·    Jean-Michel Severino, direktør i Agence Française de Développement,
·    Josette Sheeran, direktør i verdas matvareprogram (WFP).

Samarbeid vil gjere det mogeleg også for andre utvklingsekspertar å ta del i debatten. Desse gjestekommentatorane, frå veldedige organisasjonar (Care, WWF, Oxfam m.fl.) og universitet (LSE, Colombia m.fl.) vil garantere livleg debatt og eit vidt spekter av informasjon.

Idear for utvikling er ein nyskapande plattform for utveksling – både når det gjeld format og innhald. Bloggen vil tilby videoar, RRS og oppdateringar per email, og er tilgjengeleg på tre språk – engelsk, fransk og spansk. Idear for utvikling kjem til å halde mange ulike debattar, forskjellinge perspektiv og synspunkt frå heile verda.

Det er no aukande interesse for utviklingsspørsmål på nettet, men dei bloggane som tek for seg utvikling er enten oppretta av individuelle vevsbrukarar eller instutisjonar. Måsetjinga med Idear for utvikling er å fremje ekte og informert debatt der bidragsytarar kan dele eigne overtydingar, både med andre i same stilling, og med eit større publikum.

Les meir om Idear for utvikling her.