Nordisk samarbeid i FN

0
690
www.utanrikisraduneyti.is

www.utanrikisraduneyti.is
18. SEPTEMBER, 2013 – Dei nordiske landa har mykje å tilføre samarbeidet i FN. Dei er store bidragsytarar til FNs humanitære arbeid, dei er førande i arbeidet for menneskerettar – ikkje minst jenter og kvinners rettar– og dei er vel respekterte.
Mange nordbuarar, heilt frå Trygve Lie og Dag Hammarskjöld sine år som generalsekretærar i FN, har hatt leiande posisjonar i FN-systemet. Martti Ahtisaari har gjort stor innsats som FN-meklar, danske Ellen Margrethe Løj er FNs spesialrepresentant i Liberia og Island sin tidlegare president Vigdís Finnbogadóttir er goodwillambassadør for Unesco.

I Norden fins det ein organisasjonskunnskap og effektivitet som er nyttig i arbeidet for å reformere og styrke FN. Difor er det uheldig at dei nordiske landa seinaste åra har vore fråverande i FNs viktigaste organ, Tryggingsrådet. Island tapte mot Østerrike og Tyrkia i valet til rådet i 2008 og Finland kom i haust til kort mot Australia og Luxemburg. Sverige mislukkast samstundes i å ta plass i FNs menneskerettsråd.

International Peace Institute, IPI, har i ein rapport vurdert Finlands tryggingsrådskandidatur. IPI bekreftar der at dei nordiske landa er vel respektert i FN. Dette heng mellom anna saman med deira gode bidragsvilje og at dei ikkje har nokon skjult agenda. Den nordiske rotasjonsmodellen er i høgste grad relevant, men når fleire land og fleire modellar tevlar om merksemd krev det politisk tiltru så vel som vilje og strategiar for å marknadsføre seg, meinar IPI.

Dei nordiske landa har til tider ulik profil i internasjonal samhandling, men mange felles standpunkt er samlande. Handtering av konfliktar, utvikling av rettsstatar og arbeid for likestilling er døme på det. Andre sterke nordiske verdiar er forsvaret av menneskerettar, berekraftig utvikling, effektivisering av FN-støtte og arbeid med reform for ein meir effektiv og open verdsorganisasjon. Norden kan òg bidra til moderne utvikling av tryggingsrådet og deira arbeidsmetodar.

IPI rår Finland til ikkje å minske sitt FN-engasjement etter nederlaget i tryggingsrådsvalet, men fortsetje å engasjere seg i til dømes mekling og konflikthandtering. Same haldning må prege alle dei nordiska landa. IPI strekar under nytten av betre kommunikasjon av forpliktingar og framgang i det internasjonale samarbeidet, og å gjere tydelegare prioriteringar i utviklingssamarbeidet.

Gjennom å bidra til FNs fredsfremjande arbeid kan dei nordiske landa styrke si stilling i FN-systemet, seier rapporten. Norden har i dag totalt berre 288 personar i FN-leia militære fredsinnsatsar trass i eit godt rykte som fredsbevarar. IPI tek til orde for at Finland bør gje meir støtte til konflikthandtering i Afrika. Same oppgåve gjev dei til den svenske regjeringa der deira nylege avgjerdsle om å bidra med 70 soldatar til FN-operasjonen i Mali bør verta fylgd av fleire tiltak.

Det vert ofte tala om det viktige i å styrke det nordiske samarbeidet. Difor er signala Sverige sin utanriksminister Carl Bildt sender, uroande. Han melder om at den nordiske samordninga når det gjeld val til tryggingsrådet skal erstattast av samordning i EU. Gjennom samarbeid i FN-spørsmål viser Norden at ein vil ta ansvar for verdsorganisasjonen. Dette er særskild viktig for Noreg og Island som ikkje er medlem i EU.

IPI-rapporten er ein vekkjar for dei nordiske landa og ein oppmoding til fornya FN-engasjement. Sverige si regjering melde sitt kandidatur til ein plass i FNs tryggingsråd 2017/18 allereie for ni år sidan. For i drive ei tryggingsrådskampanje krev ein økonomiske og organisatoriske ressursar og framfor alt politisk vilje. Med uttala vilje, ein rask kampanjestart og samordning og støtte frå grannelanda kan det slå til på tredje forsøk for Norden i FNs tryggingsråd.

Helga Hjetland

Styreleiar FN-sambandet, Noreg

Aleksander Gabelic

Ordförande FN-förbundet, Sverige

Jørgen Estrup

Landsformand FN-forbundet, Danmark

Throstur Freyr Gylfason

Ordförande i Islands FN-förbund

Sofia Vikman

Ordförande FN-förbundet, Finland