Noreg og Sverige trekkjer tilbod til FN om styrkjer til Darfur

0
733

– Noreg og Sverige har i lang tid førebudd stønad til FN sin innsats i Darfur. Sudan sin motstand gjer det no umogeleg å oppretthalde tilbodet om eit norsk-svensk bidrag til UNAMID. Vi beklagar difor at vi må trekkje tilbodet om ein felles ingeniøravdeling til denne viktige operasjonen, seier utanriksminister Carl Bildt og utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Den norsk-svenske ingeniøravdelinga skulle bidra til utbyggjing av naudsynt infrastruktur i ein tidleg fase av FN og AU sin fellesoperasjon i Darfur. Bidraget frå Noreg og Sverige har vore ynskje særskilt velkomen frå FN si side.
– Sudan må bere det fulle og heile ansvaret for den situasjonen som er oppstått. Sudan hindrar no Noreg og Sverige i å yte hjelp i denne heilt naudsynte operasjonen, som skal gi bedre tryggleik for folkesetnaden i voldsherja Darfur, seier dei to utanriksministrane.

Kjelde: Utanriksdepartementet