Nye bilete av Afrika

0
635

– Ingen andre kontinent er meir sårbare for norske stereotypiar enn det Afrika er, sa utviklingsminister Erik Solheim då han opna konferansen ”Nye bilete i Afrika,” i regi av Utanriksdepartementet og Norad, måndag 15. oktober, på SAS Scandinavian Hotel i Oslo.

Målet med konferansen er å spreie kunnskap om den positive framgangen på det afrikanske kontinentet. Altfor ofte vert Afrika framstilt på ein overdriven måte, enten når det gjeld skildring av elendige livstiløhøve, krig, vald og svolt, eller gjennom postkortbilete av safariopplevingar og solnedgangar. Eit langt meir nyansert bilete av Afrika er naudsynt for å auke forståinga for denne delen av verda.

Liberia sin president, Ellen Johnson Sirleaf, var ein av hovuddeltakarane på konferansen.
– Frå 4 demokratiske statar i 1989 har Afrika i dag 18 demokratiske statar med demokratisk valde styre sør for Sahara. Medan økonomiske kriser med høg inflasjon og underskot på nasjonalbudsjettet trua overalt tidlegare, er situasjonen betre no, i fylgje Sirleaf.

FN sin visegeneralsekretær, Dr Asha-Rose Migiro, var også til stades på konferansen.

Les meir om konferansen her.