UNFPA: Preferanse for søner i Asia kan få alvorlege konsekvensar

0
654

Prenatalt val av søner i fleire asiatiske land kan får alvorlege sosiale konsekvensar, t.d. ein auke i seksualisert vald og trafficking av kvinner i dei komande åra, i fylgje nye studier på oppdrag frå FN sitt befolkningsfond (UNFPA).

Mange vel å abortere jenter etter å ha funne ut kjønnet gjennom ultralyd eller fostervassprøve. Ettersom det vert færre kvinner og jenter i forhold til gutar kjem fleire menn til å få vanskar med å finne ektefeller, melder rapporten.

”Ubalanse i kjønnsratioen fører til alvorlege ubalansar også i det vidare samfunnet,” sa UNFPA direktør Thoraya Ahmed Obaid i ei uttaling, overlevert av nestleiande direktør Thoraya Ahmed Obaid på den fjerde Asia Pacific Conference on Reproductive and Sexual Health and Rights som vart arrangert i Hyderabad i India.

Preferanse for gutar har lange tradisjonar i mange asiatiske land, grunna bade kulturelle og økonomiske årsaker. Dersom medgift må betalast i samband med ekteskap, kan døtre verte sett på som ei utgift. I tillegg er eldre foreldre vanlegvis avhengige av sønene sine m.a. for økonomisk støtte.

Tala viser at dersom Vietnam og Nepal ikkje utarbeider responsmekanismar kjem også dei til å møte dei same problema som Inda og Kina slit med i dag. Kina og India er no dei to landa der ein finn den mest dramatiske ubalansen mellom fødslar av jenter og gutar.

I Kina vart 120 gutar – opp mot 130 i fleire landsdelar – fødde per 100 jenter i 2005. I India vart 108 gutar – opp mot 120 i nokre nordlege og vestlege regionar – fødde per 100 jenter i 2001.

Les meir om dette her.