UNHCR: Årleg rapport utrykkjer uro over tryggleik framfor individuelle rettar

0
628

I fylgje den årlege rapporten til FN sin høgkommisær for flyktningar, UNHCR, er tryggleik no hovudfaktoren i asylsystem. Rapporten åtvarar om at individuelle rettar no har har ein tendens til å kome i andre rekkje.

”I forhold til landegrenser er dette særskilt problematisk, der flyktingar møter sperringar og vert tvungne til å snu og vende heim att, utan at behandlinga dei møter vert undersøkt vidare” sa Erika Feller frå UNHCR på det årlege møtet til organisasjonen forrige veke.

Feller viste til rapporten sine funn om internasjonal trygging, og understreka at ”tryggleik har no vorte hovudfaktoren i asylsystem i ei rekkje land, noko som igjen fører til framveksten av ein kultur der rettar vert uvesentlege.”  Særskilt urovekkjande er auka bruk av vilkårleg varetekt, også av born, samt privatiseringa av forvaring, ”som i nokre land no har vorte ein industri,” sa Feller.

I nokre regionar har asyl vorte eit slags ’lotteri’, der styresmakter er fullstendig inkonsekvente i høve til flyktningkonvensjonen frå 1951. Det vart også vist til at menneske frå land som Sri Lanka, Irak og Somalia har heilt ulike sjansar til å få asyl, avhengig av kvar søknaden deira vert innlevert.

Rapporten kjem også med meir positive nyhende, som at 700 000 flyktningar kunne returnere heim i 2006. Men UNHCR sin rapport uttrykkjer samstundes uro over veksten i talet flyktningar som er ”kastelause” – politisk sensitive etniske grupper, eldre menneske, store familar eller flyktningar med låg utdanning.

Les heile kunngjeringa til Erika Feller her.