Verdsleiarar viser vilje til gjennombrot i arbeidet mot klimaendringar

0
668
– Verdsleiarar har vist den naudsynte politiske viljen to å oppnå eit gjennombrot i arbeidet mot klimaendringar, sa FN sin generalsekretær måndag, då han avslutta klimatoppmøtet i New York.

”Dette har vore eit banebrytande, historisk møte,” sa Ban.

Bakgrunnen for toppmøtet var eit ynskje om å oppnå global konsensus før FN sin klimakonferanse på Bali, der verdsleiarar vil prøve å utarbeide ein avtale som kan fylgje opp Kyoto-avtalen som utgår i 2012.

”I dag høyrde eg verdsleiarar be om eit gjennombrot i arbeidet mot klimaendringar på Bali,” sa Ban under avsluttinga på arrangementet, der deltakarar frå over 150 land har vore samla for å diskutere klimaendringar. ”Og no trur eg vi har det politiske engasjementet som trengst.”

Generalsekretæren understreka at ein klimaavtale som skal fylgje opp Kyoto-avtalen må vere på plass før slutten av 2012, og at vi no treng ”omfattande og inkluderande” forhandlingar på Bali.

”Vi har kome langt i å byggje forståing og semje i år. Det er fortsatt mykje som må gjerast, men dette møtet har gitt sterke politiske signal til verda, og til Bali-konferansen, om at det finst vilje og handlekraft nok på høgt nivå, til å leggje fortida bak oss og no handle bestemt.”

Ban understreka vidare at deltakarane hadde vist solidaritet med dei mest sårbare nasjonane, særskilt utviklingsland, når det gjeld konsekvensane av klimaendringar. Slike land har medverka minst til utsleppa, men er likevel dei som lir mest.