Avtroppande president i FN si generalforsamling oppmodar om betre dialog mellom sivilisasjonar

0
634
Avtroppande president i FN si generalforsamling, Sheikha Haya Rashed Al Khalifa, oppmoda i går til meir fokus på dialog mellom sivilisasjonar.

”Som kvinneleg, og arabisk, president, har eg byrja å sjå på Dei sameinte nasjonar som ein global familie, med medlemmer som i aukande grad er avhengig av kvarandre.” Sheikha Haya understreka at usemje også oppstår, men ”det er kun ved å ta felles ansvar at vi kan kome oss vidare og sikre tillit og samarbeid.”

Presidenten oppmoda alle til å ta sin del av ansvaret og å arbeide for positiv endring. ”No, meir enn nokon giong før, er det heilt naudsynt å fokusere på den underliggjande mangelen på dialog, som er kjerna til mange av problema vi ser i dag.”

”Vi er nøydde å bli kvitt tankegangen som deler verda inn i donorar og mottakarar – nord og sør.”